Lov om behandling om av vanvyrdede og førsømte Børn av 1896 slo fast at barn under 16 år, som hadde gjort ei straffbar handling eller vart mishandla og forsømt av sine foreldre, kunne bli satt bort hos fosterforeldre eller i barneheim, skuleheim og andre liknande institusjonar. Med bakgrunn i loven, også kjent som verjerådsloven, vart det oppretta eit verjeråd i kvar kommune. Rådet skulle bestå av sorenskrivar eller byfogd, prest og fem medlemmer valt av kommunestyret.

Verjerådsloven var gjelande fram til 1954, da barnevernslova av 1953 tredde i kraft. Verjerådet vart da erstatta av barnevernsnemnda. Barnevernsnemnda hadde i stor grad dei same oppgåvene som verjerådet, men fekk også eit utvida tiltaksspekter. Med nye fagområde som psykologi og barnepsykiatri vart det satt eit større fokus på å handtere problema på andre måtar enn å fjerne barnet frå heimen.

Verjerådet kunne, ved sidan av å setje barn bort, frata foreldrane foreldreansvaret og utnemne ei verje. Som ein mildare reaksjonsform vart varsel gitt til barnet eller foreldrane. Verjerådsloven av 1896 skilte seg ut frå tidlegare lover på fleire område. Kriminalitet hos barn vart sett på som eit resultat av dårlege oppvekstvilkår, og ansvaret for handlingane til barna vart lagt til dei vaksne. Den kriminelle lågalderen vart heva frå 10 til 14 år. Samtidig tok loven også omsyn til rettane til foreldrane. Loven innførte blant anna heimel for prøving av vedtak.

Arkivmateriale etter verjerådet

Verjerådet skulle føre møtebøker. Som regel har det også blitt bevart kopibøker, journalar, korrespondansearkiv og register over barna verjerådet hadde omsorg for. I arkivet etter verjerådet kan vi finne opplysningar som namn på barn og foreldre, om barnet var plassert hos fosterforeldre, barneheim eller skuleheim og årsaka til dette. Arkiva etter verjerådet inneheld store mengder av opplysningar som er underlagt teieplikt og derfor klausulert. Klausulen fell vekk etter 100 år.

Digitalisert materiale

På Digitalarkivet finn du arkivmateriale etter verjeråda. Ønskje du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor: 

Etne kommune

Fjelberg kommune

Moster kommune

Bømlo kommune

Bremnes kommune

Fitjar kommune

Tysnes kommune

Odda kommune

Voss kommune

Hamre kommune


Kjelder:

Bufdir, «Barnevernets historie i Norge» (2019).

Haugland, Marit og Ragnhild Botheim, «Barnevern» (2008). 

Mykland, Liv og Kjell Olav Masdalen, Administrasjonshistorie og arkivkunnskap (1987).