Tenester til publikum

Offentlege dokument er i utgangspunktet fritt tilgjengeleg for publikum. Alle som ønsker det kan be om innsyn i arkiva som står oppbevart hos oss. 

Det er samtidig nokre unntak som avgrensar retten til innsyn i offentlege dokument. Dette gjeld materiale som er underlagt teieplikt jamfør Forvaltningslova § 13. Ved innsyn i rettsdokumentasjon – opplysningar om eigen oppvekst, skulegang eller helse – ber vi deg om å ta kontakt med kommunen der du bur eller har budd. Vi kan ikkje levere ut denne type informasjon direkte til privatpersonar.    

Vi hentar fram, skannar og sender ut dei fleste saker. For protokollar eldre enn 100 år har vi høve til å digitalisere og publisere desse på Digitalarkivet. Dersom det blir bedt om innsyn i store mengder materiale blir det gjort tilgjengeleg på lesesalen etter avtale. 

Kontakt oss

For innsyn i arkiva bed vi om at du nyttar skjemaet vårt for bestilling av opplysingar frå våre arkiv. For andre førespurnadar kan du sende oss ein e-post til post@ikah.no. Har du ikkje høve til å bruke våre digitale tenester kan du ringe oss på telefon 55 30 60 90 mellom kl. 09.00 - 14.30 alle kvardagar.

Lesesalen

Vi deler lesesal med Bergen byarkiv. Lesesalen er open måndagar, tysdagar og torsdagar mellom kl. 09.00 - 15.00. Alle besøk må avtalast i god tid på førehand. Vi tek hensyn til geografisk avstand, og du kan avtale besøk på lesesalen ut over normale opningstider. Dette må gjerast med den einskilde sakshandsamar.

Sakshandsamingstid

Vi svarer så snart vi kan, normalt 21 yrkedagar. Førespurnadar frå kommunane våre blir prioritert. 

Standardsvar om slekt

Vi sender ut standardiserte svar på førespurnadar som gjeld slektsgransking. Det er svært mykje informasjon du kan finne på eiga hand ved å nytte sjølvbetente løysingar på nett. I svarbrevet vil du finne forslag og tips til kvar du kan leite.

Arkivkatalogar

Vi publiserer alle våre arkivkatalogar på Arkivportalen. Det vil vere noke etterslep for nyleg deponerte arkiv og arkiv under ordning. 

Tenester til eigarkommunane

Kvar eigarkommune er tildelt ein kommunekontakt som fungerer som kontaktperson mellom oss og kommunen. Kommunekontakten har mellom anna ansvar for å:

  • Gje arkivfagleg rådgjeving innan arkivlova, føreskriftene og dokumentasjonsforvalting.
  • Rettleie i arkivfaglege spørsmål.
  • Utarbeide analysar og kartlegging av arkiv i kommunen.
  • Konsultere i samband med utarbeiding av rutinar for arkivplan, internkontroll og arkivdanning
  • Delta i arkivfaglege prosjekt i kommunen.
  • Yte hjelp med deponering av papirarkiv og elektroniske arkiv til langtidsbevaring.

Vi tilbyr òg tenester knytt til ordning og digitalisering av arkiv, sakshandsaming av innsyn i arkiva, kurs og formidlingsprosjekt.

Sakshandsamingstid

Førespurnadar frå eigarkommunane våre blir prioritert. Vi svarer normalt innan 21 yrkedagar. Ved innsynskrav i personregistermapper forsøker vi å sende svar innan 1-2 yrkedagar.