Kommunale tenester
IKA Hordaland ivaretek rettigheitsdokumentasjon frå alle kommunane som har høyrt til det historiske fylket Hordaland. Døme på slike kommunale tenester er:
- barnevern
- sosial/ NAV
- helsestasjon
- barnehage
- grunnskule
- PPT
- personal
- vakseopplæring
- helse og omsorg/sosial
Karakterar og vitnemål
Karakterar frå grunnskulen er registrert på Vigo.no for personar fødd etter 1977 under “min utdanning”. Logg på med MinID for å sjå kva som er registrert om deg.
Dersom du ikkje har tilgang til vitnemål frå din skulegang kan du ta kontakt med kommunen du gjekk på skule i for å få karakterutskrift eller utskrift av vitnemål.
Fylkeskommunale tenester
Dokument frå din kontakt med fylkeskommunale tenester som tannhelse og vidaregåande skule ivaretakast hjå Vestland fylkeskommune. Ta kontakt med Fylkesarkivet i Vestland via deira nettstad.
Teieplikt
Alle offentlege arkiv er i utgangspunktet fritt tilgjengeleg for publikum etter offentleglova §3. Dette er eit viktig demokratisk prinsipp som er grunnlovsfesta saman med retten til ytringsfridom i §100.
Det er likevel nokre unntak som set grenser for denne retten. Opplysingar som blir skapt om personar i offentlege tenester underleggast forvaltingslova §13 og andre lovverk. Denne paragrafen fortel at det er teieplikt om personopplysingar i 60 år.
I tillegg er det sett klausuleringstid på 100 år for barneverns- og adopsjonsopplysingar jf. forvaltingsforskrifta §10. For helseopplysingar er det ikkje fastsett utløp for teieplikt jamfør Helsepersonellova. IKA Hordaland forheld seg etter rettingsliner sett av Arkivverket i slike tilfelle.