Kva gjer ein frivillig hjå IKA Hordaland?
Som frivillig hjå oss tek du del i heile digitaliseringsløypa vi har sett opp for dei eldre arkivkjeldene som er meir enn 100 år gamle.
Det inneber vurdering og henting av kjelder til digitalisering, digitisering av kjeldene på bokskannar, opplasting til Digitalarkivet, påføring av metadata og indeksering av kjeldene.
Dette gjev deltakarane innsikt i historiske arkivkjelder, kulturarv og digitalisering, samt verdifull arbeidserfaring og moglegheit til å lære meir om digitalisering av kulturarv og arkivarbeid.
Kva får ein frivillig hjå IKA Hordaland?
Våre frivillige blir krediterte for arbeidet sitt og attest for utført arbeid. Mot slutten av kvart semester pleier IKA Hordaland og dei friviljuge å gå ut for eit felles måltid.
Alle frivillige får spennande omvising inne i fjellhallane i Kalfaret, geografisk plassert i fjellet under Starefossen/Fjellvegen.
I tillegg kan våre frivillige skryte over å ha arbeidd med spennande historiske arkivkjelder, digitalisert kjeldene og gjort dei tilgjengelege for ålmenta i Noreg.
Etter å ha vore frivillig hjå oss har ein lært om digitalisering, arbeid med kulturarven, arkivorganisering, viktigheita av arkiv og historie, og fått eit innblikk i den norske forvaltinga og velferdsstaten gjennom tidene.
Tidlegare semester
IKA Hordaland sitt samarbeid med frivillige byrja med eit pilotprosjekt i 2020. Frivillige studentar frå Universitetet i Bergen digitalisere arkivkjelder hjå oss, hovudsakeleg etter dei kommunale overformynderia. Les om erfaringane etter det fyrste stemesteret med frivillige hjå IKA Hordaland.
Over dei neste to åra var 15 frivillige involvert i digitaliseringsarbeidet. Frå 2022 auka talet frivillige til 26, alle frå Universitetet i Bergen. Til saman digitaliserte dei heile 571 arkivkjelder, imponerande 50 000 einskildbilete.
I tillegg til overformynderiet har frivillige digitalisert arkiv eldre enn 100 år etter skulevesenet, fattigkommisjonen, likningsnemnda og mange fleire.
I 2023 og 2024 har frivillige digitalisert privatarkiv. Dette er arkiv som ikkje har vore omfatta av arkivlovgjevinga i Noreg, og det frivillige bidraget har difor vore særleg verdifult for innbyggjarane i og historia til Hordaland.
Vi er takksame for den gode innsatsen våre frivillige har lagt ned og stolte av dei positive verknadene samarbeidet har ført til så langt. Dei frivillige er uerstattelege!
Ynskjer du å bli frivillig hjå oss?
Meld deg på ved å sende ein e-post til post@ikah.no og skrive litt om deg sjølv.
Vi retter oss etter rettingsliner og definisjonar gjeve av Frivillighet Norge. Les om kva ein frivillig person er på deira nettstad.
Etter du er påmeldt nyttar du bookingskjema for å reservere skannevakt.
Å vere frivillig hjå IKAH har vore både lærerikt og motiverande. Eg har fått praktisk innsikt i arkivarbeid, god oppfølging og nyttig erfaring eg tar med meg vidare - og ikkje minst har eg fått vere ein del av eit triveleg miljø.
Mira-Elena
Man får innblikk i hvordan digitaliseringen og bevaringen av arkivet og kulturarven foregår. I tillegg er det et rolig og støttende arbeidsmiljø. Man føler seg velkommen til å lære nye ting, og det gir viktig erfaring videre i karrieren!
Emily 2025
Å være frivillig for IKAH har vært en veldig givende opplevelse. Jeg har fått lære mye spennende om hvordan man tar vare på kulturarven, samtidig som jeg har vært en del av et inkluderende og hyggelig arbeidsmiljø der man alltid blir møtt med smil og interesse. Det føles meningsfylt å få bidra til å ta vare på historien sammen med så fine folk.
Siren Helene 2025