Digitalisering av arkivmateriale er eit viktig steg for å ta betre vare på kulturarven. Fysisk materiale vil bli utsett for slitasje når det blir brukt, og det er risiko for at det fysiske formatet kan komme til skade eller bli forringa over tid. Utan ein digital kopi er det ein risiko for at kulturarv går tapt. Digitalisering vil òg bidra til auka formidling, og opnar opp for at befolkninga i mykje større grad enn tidlegare kan få tilgang til kulturarven.

Sjølv om digitaliseringa er eit naudsynt arbeid, så er det tid- og ressurskrevjande. Difor valde Interkommunalt arkiv i Hordaland å gjennomføre eit pilotprosjekt der vi brukte frivillige frå Universitet i Bergen til digitaliseringsarbeidet. I prosjektet skulle dei frivillige digitalisere deler av arkivet etter overformynderiet for åra før 1920. Dei frivillige synte god innsats, var pliktoppfyllande og prosjektet var i sin heilskap ein stor suksess. Med hjelp frå dei frivillige fekk vi tatt enda eit steg vidare i digitaliseringa av kulturarven.

IKA Hordaland ønskjer i tida frametter å bruke meir frivillig arbeid i både digitalisering- og indekseringsarbeid. Det er ikkje klart når neste prosjekt vil ha oppstart, men vi håper at vi kan ta til  så snart koronasituasjonen stabiliserer seg. Nedanfor kan du lese meir om kva dei frivillige har skanna og om overformynderiet si historie.  
 

Kva har dei frivillige skanna?

Denne hausten stod arkiva etter overformynderia på digitaliseringsplanen. Overformynderiet er det offentlege organet som i Noreg har administrert og regulert arveforhold og arvestrid. Oppgåvene har vore å syte for at ein myndling (umyndig person) sine eigedomar eller midlar ikkje skulle bli nytta eller forvalta på ein måte som forringa verdien. Vanlegast er folk myndlingar på grunn av alder, men sjukdom er heller ikkje uvanleg.[1] Overformynderiet vart gjort kommunalt i byane år 1837 og på landet i 1859. Materialet det er snakk om i denne artikkelen strekkjar seg frå denne perioden og fram til 1920. 

Dei frivillige har òg digitalisert skuleprotokollar etter barneskulane i Hordaland mellom 1837 og 1920, dessutan møtebøker etter fattigstyra og formannskapa i Hordaland for same tidsperiode. Dette vil vere god og nyttig lesing for m.a. for slektsgranskarar, lokalhistorikarar, historikarar, demografar og andre.

 

Kva type materiale frå arkivet etter overformynderiet har blitt digitalisert?

Dei frivillige har i hovudsak skanna materialtypen me definerer som «ruller». Rullene er protokollane der overformyndaren førte inn aktiva per myndling, og kan reknast som rekneskapsbøker. Dei inneheld informasjon om namnet og fødselsdatoen til myndlingen, når og korleis myndlingen fekk verdiane og beløpet det er snakk om. I tillegg er det opplyst kven som var verje, når verja fekk overlevert verdiane, kvar dei er bevart og om dei er anvendt på nokon måte.

Rullene vart etter 1863 oppdelt i stor overformyndarrulle og mindre overformyndarrulle (med mange variantar). Skilnaden på desse er storleiken på verdiane til myndlingen, då myndlingar med verdiar under 40 spd. vart ført i den mindre rulla. Verdiane som vart ført i den mindre rulla hadde mindre grad av sikring, slik at verja i større grad kunne disponere midla til m.a. dekking av myndlingen sine utgifter.[2]

 

Kvar kan eg finne det digitaliserte arkivmaterialet?

Alt materiale som IKA Hordaland har digitalisert er tilgjengeleg på digitalarkivet.no. Her kan du bla og lese i over 1000 forskjellige digitaliserte protokollar, rekneskap og journalar frå åra før 1920 i Hordaland.

Ønskjer du å sjå nærmare på materialet som dei frivillige har skanna kan du klikke på lenkene nedanfor: