I perioden rundt første verdskrig vart det i fleire kommunar oppretta kommunale trygdeordningar som skulle gi bistand ved sjukdom, ulykke, alderdom eller død. Det store fleirtalet måtte likevel stole på hjelp frå familie eller andre viss dei sjølv vart hindra frå å kunne arbeide. Ein felles trygdeordning kom først med folketrygdelova av 1966. 

Trygdelovgivinga søkte frå 1890-talet å etablere ordningar som skulle yte hjelp til arbeidsuføre. Lovar om ulykkestrygd og sjuketrygd vart vedtatt. Seinare kom også lovar om alderstrygd, arbeidsløysetrygd, uføretrygd og barnetrygd.

Fiskarmanntalsnemnda vart oppretta frå 1907 då føresegn av 7. november slo fast at ei kommunal nemnd skule føre manntal over fiskarar som var sjukeforsikra. Nemnda skulle bestå av manntalsføraren og to kommunestyre representantar. Desse avgjorde kven som skulle tas opp i manntalet.   

Kva for opplysningar finn ein i arkiva?

I arkiva etter fiskarmanntalsnemnda finn ein i hovudsak møtebøker, saksarkiv, rekneskap og manntalslister. I manntalslistene er forsikringspliktige fiskarar i kommunen ført opp. Listene kan og innehalde opplysingar som bustad, fødselsår, tal på barn under 15 år, om fiskaren var gift eller ugift, namn på arbeidsgjevar, forsikring og form for fiske. 

Digitalisert materiale

På Digitalarkivet finn du arkivmateriale etter fiskarmanntalsnemnda frå ulike kommunar i gamle Hordaland fylke. Ønskjer du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor: 

Austevoll kommune

Fusa kommune

Fjell kommune

Hjelme kommune

Jondal kommune

Lindås kommune 

Masfjorden kommune

Sæbø kommune

Skånevik kommune

Valestrand kommune