Før formannskapslovene vart innført i 1837 var det ulike skattereglar for by- og landdistrikt. På landet var fattig-, skule- og kyrkjeskatten dei viktigaste skattane. Desse vart utlikna av eigne kommisjonar. Andre utgifter som skulle dekkast av skatt vart pålagt og innkassert av staten ved lokale representantar. Skatten vart som regel utlikna som skatt på matrikkelen. 

Det viktigaste dokumentet til likningsnemnda var skattelistene eller likningsprotokollane. Her vart det ført inn kor mykje den enkelte skatteytar skulle betale i skatt og kor mykje av skatten som var fordelt på matrikkelen og på formue og inntekt. Skattelistene vart lagt ut til offentleg tilsyn og det var mogleg å klage på skatten. Klagen vart behandla av heradsstyret og under nokon omstende også ein overlikningskommisjon.

Kva for opplysningar finn ein arkiva?

I arkivet etter likningsnemnda finn ein i hovudsak møtebøker, kopibøker, journalar og likningsprotokollar. Innhaldet i likningsprotokollane kan vere høgst varierande. I protokollane er det opplysningar om kva eigedom skatten vart utlikna på, samt namn på eigaren eller brukaren av eigedomen. 

Fødselsdato, bustad, stilling, antatte inntekt og formue og kor mange skatteytaren forsørga er andre opplysningar som kan vere ført inn i likningsprotokollane.  Nokon protokollar vart og brukt som møteprotokollar for likningskommisjonen og kan innehalde resultat frå klagebehandling. 

Digitalisert materiale

På Digitalarkivet finn du arkivmateriale etter likningsnemnder frå ulike kommunar i gamle Hordaland fylke. Ønskjer du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor: 

Austevoll kommune

Etne kommune

Fusa kommune

Jondal kommune

Kvinnherad kommune

Odda kommune

Os kommune

Skånevik kommune 

Tysnes kommune 

Ullensvang kommune

Ulvik kommune

Voss kommune 

Vossestrand kommune