Digitalarkivet og Arkivportalen - døgnopen lesesal
IKA Hordaland publiserer arkiv som er relevant for slektsgransking på Digitalarkivet.no. Alle arkiv er ikkje digitaliserte enno, men det publiserast forløpande ettersom det blir skanna.
På same måte publiserer vi arkivkatalogane våre på Arkivportalen.no. Der finn ein oversyn over alle arkiv vi ivaretek, og ein kan søkje innsyn i arkiv som ein ikkje finn publisert på Digitalarkivet.
Sjå oversyn over alle våre arkivkatalogar og digitalisert materiale.
I kva arkiv bør eg leite?
På sida Finn slekta di finn du tips om ulike emne og arkiv som kan vere aktuelt å undersøke i arbeidet med slektsgransking. Her vil du òg finne lenkje til digitaliserte kjelder frå arkiva våre.
Kontakt andre slektsgranskarar
På Digitalarkivet finn du rettleiarar og nyttig informasjon for både nye erfarne slektsgranskarar. Her kan ein finne ut av kva statlege arkivkjelder som er digitaliserte.
Digitalarkivet har eit eiget brukarforum. Der kan ein kome i kontakt med andre slektsgranskarar, utveksle erfaringar og få hjelp med eigen slektsgransking.
Hjå Slekt og Data og Norsk Slektshistorisk Forening finn ein nyttig informasjon om kjelder, søk etter slekt i utlandet, kurs i slektsgransking, møter og arrangement med meir.