Blant linjene som vart tilbydd på framhaldsskulen var teknisk linje, praktisk linje, handverkslinje og sjøgutslinje for gutar og allmenn linje, husstellinje og handarbeidslinje for jenter. Både gutar og jenter kunne gå handelslinja. Dei fyrste framhaldsskulane vart skipa etter at folkeskulelova av 1889 vart vedteke. Avgjerda om å etablere framhaldsskuler var då ei frivillig ordning for kommunane.

I 1946 vart vidare skulegang etter folkeskulen obligatorisk for alle elevar, som måtte velje mellom å gå på framhaldsskulen eller realskulen. Til forskjell frå realskulen gav ikkje framhaldsskulen opptak til gymnas, og elevar ved framhaldsskulen fekk dermed ikkje moglegheit til å ta høgare utdanning. I 1969 vart både framhaldsskulen og realskulen del av den obligatoriske niårige grunnskulen. Nokre framhaldsskular heldt likevel fram med drifta til ut på 1970-talet. Årsaka til dette var som regel at korkje skulen eller kommunen hadde ressursar til å utvide skuletilbodet.

Arkiv etter framhaldsskulen inneheld som regel skuleprotokollar og dagbøker. I nokre arkiv kan vi òg finne møtebøker, saksarkiv, rekneskap og framhaldsskulen si eiga skuleavis.

På arkivportalen kan du sjå arkiva etter framhaldsskulane som er oppbevart hjå oss.