Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
3. april:

Vi oppdaterer nettsidene – enkelte sider kan innehalde utdatert informasjon eller daude lenkjer

Vi arbeider for tida med å oppdatere innhaldet på nettsidene våre. Det kan føre til at noko informas... Les mer...
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

pexels-photo-459654

Nye tilsette ved IKA Hordaland

I dag har fire av våre tilsette gått over i fast stilling. I tillegg har Lars Fivelstad Smaaberg takka ja til eit vikariat hjå oss fram til 31.01.2022.

Husstandskort Meland

Transkriberte husstandskort på Digitalarkivet

På Digitalarkivet finn du no transkriberte husstandskort frå dei tidlegare kommunane Meland, Manger og Fusa. Korta er datert 1. november 1917 og er frå arkiva etter dei kommunale provianteringsråda. Husstandskort deler mange likskapstrekk med kommunale folketeljingar og dei er difor kategorisert som folketeljingar på Digitarkivet.

DSM

Digitalt sikringsmagasin (DSM)

Alver kommune er den fyrste kommunen som tek i bruk det nye digitale sikringsmagasinet (DSM) til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Historiske data og digital dokumentasjon vil for ettertida bli bevart i fjellhallar i Midt-, Aust- og Nord-Noreg.

Vaksdal kommune

Arkiv frå Vaksdal kommune

Vaksdal er ein av kommunane våre som i år skal ha tilsyn frå Arkivverket. I denne samanhengen har me sett i gang eit prosjekt for hausting og ordning av om lag 197 hyllemeter personregister og administrative arkiv frå kommunen. Det er i hovudsak materiale etter 1986 som har vorte henta inn no.

arkivjournalen

Arkivjournalen

Vi har no digitalisert ulike utgåver av vårt eiget meldingsblad Arkivjournalen frå tidsrommet 1987-1994. 

Privatarkiv frå tidlegare Fjell kommune plassert på hylle

Aviser – ei kjelde til fortida

I desse koronatider har me som er så heldige å vere praksisstudentar ved IKA Hordaland fått tid til å gå på skattejakt i arkivet.

Skanning ved Uib

Praksis ved IKA Hordaland

Denne våren er Erik Patrick Joten og eg, frå historiestudiet ved Universitetet i Bergen, i praksis hjå IKA Hordaland. Begge håpte på å få praksisplass hjå IKA Hordaland, og er takknemlege for erfaringa så langt. Som ein del av praksisopplegget tenkte me at me kunne fortelje litt om kva me har gjort.

Møtebok for eksamensnemnda

Då freden kom

I starten av juni 1945 fekk elevar i 7. trinn på barneskulen i heile Noreg valet mellom to stiloppgåver; «Eit minne frå krigen» eller «Då freden kom». I dei historiske arkiva etter skulekontora, som IKA Hordaland oppbevarer for sine eigarkommunar, finn vi mange av desse oppgåvene, og særleg oppgåva «Då freden kom». Her skildrar elevar si oppleving av då freden kom til Noreg, kva dei gjorde, kva tankar dei hadde og korleis dei opplevde denne dagen.

registeringskort

I Forsyningsnemndas tid

Kva har ein forsvunnen appelsinlast, mangel på sykkelgummi og tippoldefar min til felles? At ein finn informasjon om dei i arkivet etter Forsyningsnemnda for gamle Kvinnherad kommune. Det står no hos Interkommunalt arkiv i Hordaland, saman med arkiva frå kommunale forsyningsnemnder frå heile det tidlegare Hordaland. 

Møtebok Vossestrand h

Formannskapet i Vossestrand under okkupasjonstida

Vossestrand kommune er ein av kommunane som forsvann med kommunesamanslåingane på 1960-talet. I samband med arkivdagen 2019 ga Interkommunalt arkiv i Hordaland ut ein artikkelserie om kommunereforma på 1960-talet der ein fjerdedel av kommunane i Noreg forsvann. Saman med gamle Voss kommune og mesteparten av Evanger kommune, gjekk Vossestrand kommune inn i den nye Voss kommune frå 1964.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>