Det siste året har me blitt stadig meir vande med inngripande statlege tiltak. Frå stengte grenser til avlysing av arrangement, har me mått setje liva vore på vent for å sikre at helsetenesta ikkje blir overbelasta av pasientar med koronaviruset. I krisetider som dette kan det vere interessant, og kanskje ei trøyst, å sjå tilbake på korleis folk før oss har handtert store utfordringar. Det er nemleg ikkje fyrste gong den norske staten har teke til ekstreme tiltak for å halde nasjonen gåande i krisetider. Noreg heldt fast på nøytraliteten gjennom heile den fyrste verdskrigen, men det norske folk kjende framleis godt på følgjande av krigen her heime. Ved utbrotet av krigen blei det fort klart at noko måtte gjerast for å sikre ei stadig forsyning av matvarer og andre livsviktige varer. Med dette i mente blei Statens provianteringskommisjon oppretta ved kongeleg resolusjon den 4. august 1914. I denne tidlege fasen var forsyningsarbeidet i kommunane laust og frivillig organisert. Nokre år etterpå, den 26. juli 1916, blei det bestemt at det skulle opprettast såkalla «provianteringsråd» i alle norske kommunar.

Provianteringsråda hadde mange oppgåver, men hovudføremålet var å halde oversikt over og sikre forsyning av matvarer og andre livsviktige artiklar i den einskilde kommunen. I §1 av lov 26. juli 1916 om kommunale provianteringsråd kan ein lese at dette inkluderte fødevarer, brensel, olje, fôr og andre nødvendige artiklar. I § 4 av same lov blei det bestemt at provianteringsråda skulle opprette lagerreservar av viktige forbruksvarer. Den kanskje viktigaste oppgåva til provianteringsråda var likevel å føre kontroll over priser på matvarer og å leggje til rette for at alle kunne få mat på bordet. Det var ulike måtar å få dette til på og loven la opp til to hovudalternativ. For det fyrste kunne den einskilde kommunen opprette eit kommunalt utsal der ein selde matvarer til overkomelege priser. Det andre alternativet var å inngå avtaler med lokale daglegvarehandlarar kor kommunen subsidierte forretninga for å gjere prisane lågare. Råda kunne òg fastsetje ein makspris for visse varar slik at dei var mindre utsette for store prissvingingar. Etter fastsetjinga av ei ny lov den 2. april 1917 var det dessutan provianteringsråda sitt ansvar å sjå til at folk kunne få leige jord til eige bruk. Arbeidet til provianteringsråda famna altså svært vidt.

Ved kongeleg resolusjon av 26. april 1918 blei organisasjonen av provianteringsråda rettsleg formalisert. Det blei slått fast at det berre skulle vere eit provianteringsråd i kvar kommune, og dei skulle bestå av minst tre personar. Av desse tre personane skulle både forbrukarane og produsentane vere representerte  for å sikre ei rettferdig sakshandsaming. I tillegg blei det bestemt at kvart råd skulle ha minst éi kvinne. I større kommunar kunne delar av forsyningsverksemda bli delegert til spesialiserte einingar som til dømes brenselsnemnder og rasjoneringsnemnder. Desse organa var likevel underlagte myndigheita til provianteringsråda. Etter 1918 blei råda pålagte å tilsetje ein lønna «forretningsfører». For å auke effektiviteten til provianteringsråda blei det òg bestemt at råda kunne tilsette fleire lønna funksjonærar til å hjelpa med forsyningsarbeidet.

Nettopp dette med effektiviteten til provianteringsråda var eit stort stridstema under heile perioden med forsyningskrise. I prinsippet var det slik at råda skulle vere sjølvdriftande. Det vil seie at dei skulle drivast på ein måte som gjorde at inntektene frå sal av matvarer og liknande skulle dekke utgiftene. I røynda blei likevel utgiftene for store og dei aller fleste provianteringsråda gjekk i tap. Det var ikkje alle som var like fornøgd med at kommunen fekk lov til å tre inn i rolla som næringsdrivande og selje varer frå eigne utsal. Handelslova hadde lenge forbode nettopp dette. Det var spesielt kjøpmannsstanden som stilte seg kritiske til verksemda til provianteringsråda. Mange hevda at råda var drive av amatørar som ikkje forstod seg på rekneskap og mangla kunnskap om handelsverksemd. På den andre sida kan me lese i Arbeidernes leksikon frå 1930-talet at provianteringsråda i det store og det heile utførde arbeidet på ein gode måte og at føremålet om å sikre forsyninga blei nådd. Det er ikkje utenkeleg at kritikken frå kjøpmannsstanden og heideren i Arbeidernes leksikon nokre år etter, var påverka av to vidt ulike politiske utgangspunkt. Provianteringsråda representerte jo ein inngripen i den frie marknaden og posisjonerte kommunen som ein næringsdrivande som lokale forretningar måtte konkurrere med. Også i dag er det usemje om effektiviteten til tiltaka som blir innført for å nedkjempe koronaviruset. Det vil det nok alltid vere når myndigheiter får heimel til å innføre drastiske tiltak i krisetid.

Nokre meiner altså at provianteringsråda gjorde ein god jobb i å sikre forsyninga og redistribuere livsviktige varer, medan andre peiker på at råda sleit med ineffektivitet og mangel på kunnskap om rekneskap og handelsverksemd. Sanninga ligg nok ein stad mellom desse ytterpunkta, og ein må rekne med at det var store regionale forskjellar i både organiseringa og effektiviteten av provianteringsråda.

Dette er berre noko av det ein no kan undersøkje ved å sjå gjennom arkiva etter provianteringsråda i Hordaland på Digitalarkivet sine heimesider. For, som i alle norske kommunar, måtte kommunane i Hordaland stå for forsyningsarbeidet gjennom å opprette eigne provianteringsråd. Provianteringsråda var etter kongeleg resolusjon av 26. august 1916 pålagte å journalføre forhandlingar og møter, samt å føre rekneskap over provianteringsråda si verksemd. Protokollane etter provianteringsråda i Hordaland er i dag bevarte i magasina hos Interkommunalt arkiv i Hordaland, og det er desse me praksisstudentar har fått som oppgåve å digitalisere og publisere denne våren. Mykje er allereie publisert og dei som er interesserte kan sjå gjennom møtebøker, brevjournalar, kopibøker og liknande ved å følgje lenka.

 


Litteratur

Hodne, Fritz, and Ola Honningdal Grytten. Norsk økonomi 1900-1990. Oslo: Tano, 1992.

Keilhau, Wilhelm. Norge og verdenskrigen: Verdenskrigens økonomiske og sociale historie. Oslo: Aschehoug, 1927.

Mykland, Liv, and Kjell-Olav Masdalen. Administrasjonshistorie Og Arkivkunnskap: Kommunene. Oslo: Universitetsforlaget, 1987.

Hovland, Edgar. «Grotid og glanstid. 1837-1920». I Folkestyre I by Og Bygd : Norske Kommuner Gjennom 150 år, redigert av Hans Eyvind Næss, 31-154. Oslo: Universitetsforlaget, 1987.

Friis, Jakob, Trond Hegna, og Dagfin Juel, red. Arbeidernes Leksikon Vol. 5: Legering-radio. Oslo: Arbeidermagasinets Forlag, 1935.