Eg, Edwina Francis, Harry Lawford Lewis og Halvor Eriksen er utplassert hjå IKA Hordaland dette semesteret. Harry skriv bachelor i historie, Halvor skriv bachelor i arkeologi og eg held på med bachelorgrad i religionsvitenskap. Føremålet med faget er å tilby studentane røynsle og ein fot innfor føretak som driv på med arbeid som er relevant for studieretningane. I tillegg til å jobba 200 timar hjå IKA Hordaland har me skrive ein praksisrapport, samt teke del i månadlege seminar, som må godkjennast av UiB mot slutten av semesteret. 

Det har vore eit spennande semester, spesielt med tanke på koronapandemien, og mykje forventingar knytt til praksisopphaldet, men me møtte på overraskande få utfordringar. Med unntak av ei veke med nedstenging, og avlyst deponering, har det meste gått som normalt. Me har mellom anna fått innføring i depotfunksjon og arkivnyklar, ordna arkiv, lært programvarer og registrert i ASTA, samt limt etikettar. Me har fått ordne både administrative arkiv, som mellom anna Tysnes skulekontor, og personregister, slik som Meland PPT. Me har og skanna og digitalisert protokollar, mellom anna provianteringsrådet og skuleprotokollar frå fleire kommunar og noke av privatarkiva som IKA Hordaland oppbevarar. Me har og blitt kjend med korleis ein lastar opp arkiv i Digitalarkivet. Me har i tilegg teke del i webinar om fremtida og utfordringane i arkivsektoren, og sett korleis ein svarar på innsynskrav som kjem frå kommunane. Me har samarbeida og halde på med ulike arbeidsoppgåver kvar for oss, og det har vore spennande heile vegen. Miljøet på IKA Hordaland er veldig triveleg og me ser alle tre frem til å fortsette som sesongtilsette i sommar.