Under andre verdskrig vart kommuner som inngjekk i luftvernskrinsar der Politidepartementet hadde utnemnt ein innkvarteringssjef pålagt å opprette eit katastrofeutval. Katastrofeutvala skulle førebu og sikre at naudsynte hjelpetiltak vart iverksatt ved luftangrep. Dette innebar blant anna transport og innkvartering av huslause, reprasjons- og rydningsarbeid og å syte for forsyning og pleie av skadde etter luftangrep.    

Katasrofteutvala skulle bestå av 9 medlemmer:

  • ein represenant fra kommunen, som regel ordføraren
  • Innkvarteringssjefen
  • ein representant for forsyningsnemnda
  • ein representant for dei tekniske etater i kommunen
  • ein representant for Teknisk Naudhjelp
  • formannen i Helserådet
  • ein representant for Handelsstanden
  • ein representant for dei frivillige arbeidsorganisasjonane
  • ein representant for Krigsskadetrygden

I Stord vart katastrofeutvalet utnemnt av ordføraren i desember 1943. Kommunen så fleire skipsforlis utenfor kysten i laupet av krigsåra. Det mest dramatiske var senkingen av Det Stavangerske D/S «Austri» i februar 1945. Skipet var mistenkt for å vere i tysk teneste og vart skoten på av britane. Av dei 130 passasjerande vart omlag 100 berga og frakta i land i Leirvik.

Kva opplysningar finn ein i arkiva

I arkivet etter katastrofeutvalet i Stord finn vi blant anna runskriv frå departementa, kunngjeringar, korresponanse og rapportar frå medlemmene i utvalet.

For å førebue seg på moglege katastrofar vart katastrofeutvala oppfordra til å helde «katastrofespel». Under desse øvingane skulle utvala spele ut eit tenkt scenario der byen eller tettstadet vart utsatt for eit luftangrep som påførte store skader. Katastofeutvalet skulle utarbeide ei skriftleg utreiing om kva dei einskilde medlemmene i utvalet skulle foreta seg og skildre i detalj kva for følger angrepet fekk innan dei einskilde arbeidsområda. Rapportane er svært detaljerte og skildrar hendingsrekkja med nøyaktige klokkeslett.   

Digitalisert materiale 

Arkivmaterialet etter katastrofeutvalet i Stord består av ei eske med korrespondansearkiv datert 1943-1945. Arkivet er digitalisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet her