1. Opprett brukar

  Det fyrste steget er å opprette brukar på Digitalarkivet. Trykk her om du trenger veiledning. 

2. Finn digitalisert arkivmateriale

IKA Hordaland har laga ei oversikt over materiale som er digitalisert frå dei ulike kommunane. Du kan sjå her: Arkivkatalogar og digitalisert materiale

På denne nettsida kan du sjå alle arkivkatalogar og digitalisert arkivmateriale frå alle kommunane våre, inkludert dei historiske. Arkiv som er digitalisert finn du i kolonna til høgre i skjema. Alt du ser på skjermen er publisert og kan lesast digitalt. 

3. Tilgang til arkiv som er sperra

Ein god del av pubisert arkivmateriale kan lesast fritt på Digitalarkivet. Det som er sperra har ein hengelås til høgre. Du kan òg sjå om kjelda er sperra hvis du klikkar deg inn på «første side». For å få tilgang til sperra arkiv, må du ha ein konto og fylle ut skjema her. Epost-adressa di må vere same som du har knytt til brukarkonto på digitalarkivet.no


Forskerinnsyn

I samsvar med føresegnene i forvaltningslova § 13 d, er det mogleg å søkja om tilgang til konfidensielle opplysningar for forskingsformål. Ved behandling av slike søknader blir vurderte fleire faktorar.

Det blir stilt krav til fagleg kompetanse innan det relevante fagområdet, og søkjaren må inneha ei vitskapleg stilling eller vera ein avansert student under rettleiing av ein person med vitskapleg stilling. I tillegg må det inkluderast ei prosjektskildring som klargjer forskingsprosjektet og formålet med å nytta arkivmaterialet.

Det er viktig å merka seg at IKA Hordaland ikkje har myndigheit til å godkjenna innsynssøknader for forskingsformål. Det er det respektive fagdepartementet som handterer slike søknader om tilgang.

«Kommunane og fylkeskommunane kan ikkje avgjera søknader om forskarinnsyn i teiepliktige opplysningar. Slike saker må avgjerast av dei respektive departementa eller organa som har kompetanse etter særlov.» (NOU 2019: 9/Del 5/20.2 Gjeldende rett)