Innsyn i teiepliktig materiale

I utgangspunktet er alle offentlege arkiv fritt tilgjengelege for publikum. Det er likevel nokre unntak som set grenser for denne retten. Dette gjeld materiale som er underlagt teieplikt jf. Forvaltningslova § 13. Klausuleringstida for teiepliktige opplysningar fell normalt bort etter 60 Ã¥r. For barnevern- og adopsjonssaker er klausuleringstida 100 Ã¥r jf. Forvaltningsforskriften § 10.

Ved innsyn i arkiv skapt før offentleglova av 1970 tredde i kraft mÃ¥ det pÃ¥reknast at sakshandsaminga kan ta ekstra tid. Klausulerte saker og dokument vart i tida før 1971 ikkje stempla eller merka med at dei var unntatt offentlegheita. Dette gjer at det kan vere tidkrevjande Ã¥ skilje ut klausulert arkiv frÃ¥ denne perioden.

Partsinnsyn

Alle har rett til innsyn i opplysningar om seg sjølv. Innsynsførespurnader i personregister – opplysningar om eigen oppvekst, skulegang eller helse – skal ikkje rettast til oss, men til kommunen der du bur eller har budd. Vi kan ikkje levere ut denne type informasjon direkte til privatpersonar. 

Forskningsføremål

Dersom ein ønskjer innsyn i klausulerte opplysningar i samband med forsking, mÃ¥ ein søke om dette. Du mÃ¥ sende ein søknad til det einskilde departement som avgjer om du fÃ¥r innsyn eller ikkje. Den som fÃ¥r innsyn frÃ¥ departementet mÃ¥ underteikne ei taushetserklæring.

Lesesalen

Alle er velkomne til å besøke oss på lesesalen vår som vi deler med Bergen byarkiv. Vår besøksadresse er Kalfarveien 82 i Bergen. Lesesalen finn du i 2. etasje.

Lesesalen er open måndagar, tysdagar og torsdagar mellom kl 09.00 - 15.00. Alle besøk må avtalast i god tid på førehand. 


Reglement for bruk av arkivmateriale på lesesalen

Arkivmateriale er uerstatteleg og du må difor vise varsemd når du skal bruke det. Hugs å:

  • Opne berre ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Pass pÃ¥ at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.
  • Bruk berre blyant nÃ¥r du skal notere noko og pass pÃ¥ at arkivsaker ikkje vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg pÃ¥ bordet.
  • Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokumenta eller lag brettar i dei.
  • Ikkje legg opne protokollar oppÃ¥ kvarandre.
  • Du kan bruke eigen datamaskin pÃ¥ lesesalen.
  • Informer lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjÃ¥ pÃ¥ det seinare nÃ¥r du gÃ¥r.