Frivillig arbeid hjå oss er i hovudsak knytt til digitaliseringsarbeid. Arkiv etter overformynderia, skulestyra og fattigstyra er noko av arkivmaterialet som er digitalisert med hjelp av frivillig arbeid.   

Digitalisering av arkivmateriale er eit viktig grep for å ivareta kulturarven vår. Det minskar slitasjen på det fysiske materialet, bidrar til auka formidling og at kulturarven i større grad blir tilgjengeleg for publikum.   

Hausten 2020 gjennomførte vi eit pilotprosjekt der vi brukte frivillige frå Universitet i Bergen til digitaliseringsarbeidet. Her kan du lese meir om prosjektet.