Før du avtaler tid på lesesalen

  1.  Har du sjekka om arkivet er tilgjengeleg på digitalarkivet.no?
  2.  Har du funne fram til kva arkivkjelder du ynskjer frå Arkivportalen.no?
  3.  Finn direktelenker til din kommune sine arkivkatalogar og digitalisert materiale og undersøk kva som finst

Søk om innsyn

Ein kan søke om innsyn i arkivkjelder som er låst eller ikkje enno digitalisert.

Dei fleste førespurnader vil vi digitalisere arkivkjeldene og sende via e-post eller liknande tenester på nett.

Ved særskilte høve vil det er behov for å besøke lesesalen, og vi vil avtale tidspunkt.

Reglement for bruk av arkivmateriale på lesesalen

Arkivkjeldene er uerstattelege og du må difor vise varsemd når du skal bruke det. Hugs å:

  • Opne berre ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Pass på at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.
  • Bruk berre blyant når du skal notere noko og pass på at arkivsaker ikkje vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg på bordet.
  • Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokumenta eller lag brettar i dei.
  • Ikkje legg opne protokollar oppå kvarandre.
  • Du kan bruke eigen datamaskin på lesesalen.
  • Informer lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjå på det seinare når du går.