Nyhende
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Frivillige hjå IKA Hordaland
For å få opparbeida seg verdfull kunnskap og arbeidserfaring, var sju studentar frå Universitetet i Bergen hjå oss for å arbeide frivillig hausten 2020. Dei har vore med på digitalisere kulturarven me ivaretek for eigarkommunane våre. Gjennom den døgnopne lesesalen Digitalarkivet.no kan du no finne mykje interessant og spennande arkivmateriale dei har skanna.
Arkivskolen LIGHT
Kunnskap om dokumenthandsaming og forståing for kvifor dei daglege oppgåvene blir utført er nødvendig å ha som tilsett i eit offentleg arkiv. Med nettkurset Arkivskolen LIGHT får du grunnleggande fagkunnskap om handsaming av dokument i offentleg sektor.
Nye tilsette ved IKA Hordaland
I dag har fire av våre tilsette gått over i fast stilling. I tillegg har Lars Fivelstad Smaaberg takka ja til eit vikariat hjå oss fram til 31.01.2022.
Transkriberte husstandskort på Digitalarkivet
På Digitalarkivet finn du no transkriberte husstandskort frå dei tidlegare kommunane Meland, Manger og Fusa. Korta er datert 1. november 1917 og er frå arkiva etter dei kommunale provianteringsråda. Husstandskort deler mange likskapstrekk med kommunale folketeljingar og dei er difor kategorisert som folketeljingar på Digitarkivet.
Digitalt sikringsmagasin (DSM)
Alver kommune er den fyrste kommunen som tek i bruk det nye digitale sikringsmagasinet (DSM) til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Historiske data og digital dokumentasjon vil for ettertida bli bevart i fjellhallar i Midt-, Aust- og Nord-Noreg.
Arkiv frå Vaksdal kommune
Vaksdal er ein av kommunane våre som i år skal ha tilsyn frå Arkivverket. I denne samanhengen har me sett i gang eit prosjekt for hausting og ordning av om lag 197 hyllemeter personregister og administrative arkiv frå kommunen. Det er i hovudsak materiale etter 1986 som har vorte henta inn no.
Arkivjournalen
Vi har no digitalisert ulike utgåver av vårt eiget meldingsblad Arkivjournalen frå tidsrommet 1987-1994.
Aviser – ei kjelde til fortida
I desse koronatider har me som er så heldige å vere praksisstudentar ved IKA Hordaland fått tid til å gå på skattejakt i arkivet.
Praksis ved IKA Hordaland
Denne våren er Erik Patrick Joten og eg, frå historiestudiet ved Universitetet i Bergen, i praksis hjå IKA Hordaland. Begge håpte på å få praksisplass hjå IKA Hordaland, og er takknemlege for erfaringa så langt. Som ein del av praksisopplegget tenkte me at me kunne fortelje litt om kva me har gjort.
Då freden kom
I starten av juni 1945 fekk elevar i 7. trinn på barneskulen i heile Noreg valet mellom to stiloppgåver; «Eit minne frå krigen» eller «Då freden kom». I dei historiske arkiva etter skulekontora, som IKA Hordaland oppbevarer for sine eigarkommunar, finn vi mange av desse oppgåvene, og særleg oppgåva «Då freden kom». Her skildrar elevar si oppleving av då freden kom til Noreg, kva dei gjorde, kva tankar dei hadde og korleis dei opplevde denne dagen.