Vaksdal kommune vart skipa i 1964. Då vart Eksingedalen og Bergsdalen krinsar skild ut frå Modalen og Evanger kommunar, og slått saman med gamle Bruvik kommune. Saman forma dei nye Vaksdal kommune. Arkivmateriale etter desse kommunane er allereie henta inn til og ordna hjå oss, og katalogane er tilgjengelege på arkivportalen.no:

I tillegg til dette har Vaksdal kommune og IKA Hordaland ei avtale på å ordne om lag 127 hyllemeter frå perioden etter 1965, som vart deponert til oss i 2016. Arbeidet med ordning av arkivmaterialet etter Vaksdal kommune er godt i gang, og katalogen vert oppdatert kontinuerlig etter kvart som arkiva vert ferdigstilte. De kan sjå katalogen her.