Oppgåvene til oss praksisstudentar er gitt av både UiB og IKA Hordaland. Universitet sitt føremål er å tilby studentane ei fot innanfor døra i arbeidslivet. Dei overlét fordelinga av arbeidsoppgåvene til bedriftene, mens dei tar seg av dei faglege oppgåvene. Arbeidsoppgåvene frå IKA Hordaland starta med ei samling privatarkiv der me skulle ta ansvar for prosjektet frå henting til oppstilling av arkiva. Ideen var at me kunne møte på og gå gjennom denne arbeidsprosessen i arkivyrket ved å sortere privatarkiva frå henting, ordning, registrering og til slutt ferdigstilling. Med dette innleiande prosjektet var tanken at me skulle møte på fleire av aspekta ved IKA Hordaland og vere klar til å ta del i kvardagen. Nokre eg føler fungerte bra.

Praksisopplegget starta med ei utflukt til Rong i Øygarden kommune for å hente ei samling privatarkiv frå ulike arkivskaparar frå gamle Fjell kommune. Her ble me møtt av Halvor Skurtveit som ga oss ei innføring i arkivmaterialet han var i ferd med å avlevere. Her oppheldt det seg alt frå gamle møtebøker for ungdomslag til brev frå Nordahl Grieg og hundre år gamle 17 mai talar. Skurtveits introduksjon til arkivmaterialet gav oss eit innblikk i korleis materialet ein gong var viktig for arkivskaparane. Han viste oss til dømes korleis ei gamal brevsamling kunne fortelje ei livshistorie. Sidan dette materialet kom til å bli det me jobba med vidare i prosjektet vart dette veldig sette pris på sidan det viste oss korleis det ikkje berre vart gamalt papir vi jobba med. 

Etter høstinga i Rong vart det tilbake til IKA Hordaland for å ordne arkivmateriale. Dette inneber å førebu arkivmaterialet med å fjerne arkivfiendtleg materiale slik som binders og teip som etterlet seg varige skadar i materiale. Vi gjorde òg kassasjon av arkivmateriale som ikkje er verdt å ta vare på. Når ein har komme så langt blir neste steg å sortere arkivmateriale etter allment arkivskjema slik at det kan registrerast inn i programvara ASTA. Denne programvara gjer at arkiva kan gjerast meir tilgjengeleg gjennom Arkivportalen.no. På Arkivportalen ser me verdien av allment arkivskjema som er til for å skape ein nasjonal standard for dei ulike kategoriane med arkivmateriale. Målet med ASTA og det allmenne arkivskjemaet er å oppnå ein meir brukarvennleg oppleving. Siste steg i prosessen vart å plassere materialet i kvite boksar med riktige etiketter slik at det kan stå trygt i lang tid framover. Det som gjorde størst inntrykk var kor annleis det er å arbeide direkte med kjeldemateriale i staden for å lese om det som me gjer på historiestudiet. Me fekk god oppfølging og opplæring frå dei tilsette ved IKA Hordaland og fekk privatarkivet plassert på hylle i starten av mars.

Under sorteringa av privatarkiva fant me mykje interessant som me gjerne ville prøve å digitalisere. Derfor nådde me ut til Universitetsbiblioteket for Humaniora for å sjå om me kunne låne utstyret deira til å digitalisere interessant arkivmateriale me hadde funne i privatarkiva. Me vart velkomne der av universitetsbibliotekaren Ane Landøy, og fekk sjå korleis dei digitalisera sitt materiale. Biblioteket med sine ressursar har avansert skanneutstyr, og me fekk sjå korleis desse maskinene vart brukt av blant anna Nils-Erik Moe-Nilssen som jobbar med digitalisering av spesielt det eldre materialet ved Spesialsamlingane hjå UiB. Det me tok med for å digitaliserast var blant anna nokre av dei eldste dokumenta hjå IKA Hordaland, slik som ei skøyte frå 1766. Me tok også med materiale frå privatarkivprosjektet som verka interessant som gamle bryllaupstelegram, planteikningar og aviser. Det vi så etter var materiale som me i dag ikkje nødvendigvis tenkjer på som ein del av fortida. Eit eksempel på dette vart gamle skulebøker der me kunne få eit lite innblikk i skulekvardagen i fortida. Utflukta ved UiB viste oss korleis dei opererte i forhold til IKA Hordaland, noko som blir ei nyttig erfaring framover, spesielt knytte rundt digitalisering. Digitalisering er framtida for arkiv og bibliotek både i forhold til behandling av eldre materiale og oppbevaringa av nyare digitalt materiale. Denne innføringa i digitalisering hjå UiB, og korleis det brukast forskjellig ved UiB og IKA Hordaland, har gitt oss eit godt innblikk i begge institusjonane og forhåpentlegvis kan me snart publisere noko av dette etter kvart.

Praksisopplegget så langt har vore ei lærerik erfaring. Når ein sit på bibliotek og lesesal blir det ofte vanskeleg å sjå korleis faget eksisterer utanfor student-bobla. Praksis hjå IKA Hordaland har vore eit godt og lærerik møte med arbeidslivet. Berre det å arbeide med historia i handa i stadet for å lese om den har gitt oss eit annleis perspektiv på historiefaget. Berre det å jobbe på kontor er ei viktig erfaring å ta med vidare og dei meir spesifikke erfaringane frå IKA Hordaland slik som opplæring i ASTA, informasjon om arkiv og det å være ein liten del av eit yrke som er i forandring er ein moglegheit vi allereie er takknemlege for. Akkurat nå har praksisen blitt sette på pause grunna Korona pandemien. For praksisen har dette vært vanskeleg og kjedeleg, men som med dette innlegget har me funne nokre å gjere heimanfrå. Etter planen skal me tilbake i praksis hos IKA Hordaland i løpet av veke 17 slik at me kan fullføre praksisopplegget så godt det lar seg gjere. Me ser fram til å fullføre praksisopplegget og ende med mange gode erfaringar som blir nyttig vidare i arbeidslivet.