Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Skjøte

Webinar om Digitalarkivet som innsynsløysing

IKA Hordaland sin strategi er å digitalisere dei mest brukte arkiva våre for å tilby dei digitalt til eigarkommunane våre og andre brukarar av arkiva. Vi nyttar Digitalarkivet som publiseringsplatform, og her finn du allereie over 3000 digitaliserte arkivstykke frå blant anna formannskapa, skolestyra og jordstyra.

ArkivskolenLIGHT

Nettkurs i K-koder

Arkivkoder er eit viktig verktøy for å sikre attfinning av dokumentasjon i kommunale arkiv. K-koder er den mest brukte arkivnøkkelen blant norske kommunar i dag, og er eit kodesystem som blir brukt  for å markere kva for emne ei saksmappe eller arbeidsprosess tilhøyrar.

Eigarmøte

Eigarmøte

Styret vil med dette invitere til eigarmøte tysdag 25. januar 2022 frå kl. 10.00-12.00. Møte vert helde digitalt på teams og er ope for alle.

Arkivdagen-2021

Arkivdagen 2021

Laurdag 13. november blir Arkivdagen markert på små og store arkivinstitusjonar over heile Norden. Samarbeidet mellom dei nordiske arkiva har som mål å vekke interesse for arkiva som minnet til samfunnet – både for fortid og framtid. Tema for dagen i år er «barn i arkivet». 

Interkommunalt arkiv i Hordaland markerer dagen med eit omfangsrikt kjeldeslepp på nett i samarbeid med Bergen byarkiv, Fylkesarkivet i Vestland og Spesialsamlingene ved Universitetet i Bergen. 

Konferanse

Kontaktkonferansen 2021

IKA Hordaland har gleda av å invitere til Kontaktkonferansen 2021. I år vil konferansen bli heldt digitalt 27. og 28. oktober kl. 10.00 – 12.30 begge dagar.

Til konferansen har vi inviterte fleire dyktige foredragshaldarar som skal ta oss gjennom det vi håper blir eit spennande og inspirerande program.

Årets konferanse er gratis. Påmeldingsfrist er 25. oktober. Du kan sende din påmelding til post@ikah.no.

Lenke til Teams vil bli sendt ut til alle deltakarar nokre få dager i forkant av konferansen. 

218346151_560581321758864_1838724356300765041_n

Minnemateriale etter 22. juli 2011

I samband med 10-årsdagen for terroråtaka i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011, har IKA Hordaland teke eit initiativ til å samle inn kondolanseprotokollane som vart lagt fram i eigarkommunane våre.

Varaldsøy kommune. Mundheim provianteringsråd, A/Aa/L001: Møtebok for Mundheim provianteringsråd, 1918-1920

Provianteringsråd og forsyningskrise

Våren 2021 har eg og to medstudentar vore i praksis hos Interkommunalt arkiv i Hordland. Me har fått teke del i ei rekkje arbeidsoppgåver, inkludert digitalisering av arkiva etter provianteringsråda i Hordaland frå tida rundt den fyrste verdskrigen. I denne teksten vil eg gje ein kort historikk om provianteringsråda og deira funksjon.

Våren 2021 har Halvor Eriksen, Edwina Francis og Harry Lawford Lewis vore i praksis ved IKA Hordaland

Praksis ved IKA Hordaland

Våren 2021 har IKA Hordaland teke imot tre praksisstudentar frå Universitetet i Bergen (UiB) gjennom studieemnet AHKR201 «Praksis i arbeidslivet». Emnet er knytt til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. Dette er eit emne som gjev 15 studiepoeng og skal gje studentar fagleg kompetanse gjennom deltaking i arbeidsoppgåver som kan vere relevante for studieretninga deira.  

Stord katastrofeutval

Katastrofeutvalet i Stord

Invasjonen av Noreg 9. april 1940 markerte starten på fem år under tysk okkupasjon. Under okkupasjonen vart tyske mål i Noreg bombet av allierte fly. Enkelte byar og tettstader opplevde store øydeleggingar. I 1943 vart fleire norske kommunar pålagt å opprette katastrofeutval som skulle syte for at naudsynte tiltak vart iverkvsatt ved luftangrep.    

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>