Manglande bevaring av elektronisk skapt arkivmateriale er noko fleire kommunar slit med, og mange har fått pålegg om utbetring av Arkivverket under tilsyn om nettopp dette. Dette er nok me tek på alvor, og arbeidar tett saman med eigarkommunane vore for å løyse, slik at me sikrar innbyggarene sin rettstryggleik.

Gjennom eit tett samarbeid med kommunane, IKT Nordhordland og Region Nordhordland avdeling Digitalisering og Innovasjon har me denne uka kome langt på veg i arbeidet med å få lukka etterslepet av avslutta system som finst hos kommunane vore.

IKA Hordaland, kommunane og Region Nordhordland har saman jobba for å få kartlagt og bevaringsvurdert alle avslutta system som finst hos våre ni eigarkommunar som deltek i IKT Nordhordland samarbeidet; Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Samnanger, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Dersom ein inkluderer dei historiske kommunane Lindås, Meland og Radøy, har me faktisk kartlagt og bevaringsvurdert 12 kommunar.

Vidare har IKT Nordhordland tatt jobben med å sjekke tilgjengelegheita til desse systema, før dei har overført systema til depot hos IKA Hordaland. Totalt har me fått inn 172 GB frå IKT Nordhordlands kommunar. Dette er rådata som me no skal kontrollere, før me vil gjere SIARD-uttrekk av dei og pakke dei om til frittståande arkivpakkar. Me vil så laste dei opp i eit digitalt sikringsmagasin og sikre dei for ettertida.

Me vil takke alle partar for eit godt samarbeid!