IKA Hordaland sin strategi er å digitalisere dei mest brukte arkiva våre for å tilby dei digitalt til eigarkommunane våre og andre brukarar av arkiva. Vi nyttar Digitalarkivet som publiseringsplatform, og her finn du allereie over 3000 digitaliserte arkivstykke frå blant anna formannskapa, skolestyra og jordstyra.

Tysdag 15. februar inviterer vi til webinar om Digitalarkivet som innsynsløysing kl. 12.30 – 13.00. Her vil vi blant anna fortelje om korleis du finn fram til kjeldene som er publisert. Vi ønsker og å diskutere korleis kommunane kan bruke Digitalarkivet til å formidle informasjon om kommunale kjelder til sine innbyggjarar.

Vi oppmodar om at invitasjonen blir sendt vidare til alle som jobbar med kultur- og lokalhistorie i kommunen.

Webinaret er eit gratis tilbod til våre eigarkommunar. Du kan sende din påmelding til post@ikah.no.