Nyhende
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Osterfjorden: frå ferdselsveg til grense
Hosanger kommune er ein av kommunane som forsvann med kommunesamanslåinga i 1964. Kommunen låg i Nordhordland, på både sider av Osterfjorden. Eit område på Lindåshalvøya og eit på Osterøya. Med revisjonen av kommunegrensene vart kommunen delt, med Osterfjorden som grense mellom Lindås kommune og Osterøy kommune. Arkiva etter Hosanger kommune oppbevarast i dag ved Interkommunalt arkiv i Hordaland. Dokument herifrå gjer innblikk i delinga av kommunen. Sjølv om planen om deling av kommunen var administrert frå fylket, var også kommunen særs aktiv i prosessen. Det kom jamvel til folkerøysting.
Kommunereforma i eit historisk perspektiv
I desse dagar skal fleire kommunar i Hordaland, snart Vestland fylkeskommune, slås saman. Som del av den pågåande kommunereforma skal 33 kommunar bli til 25. Kommunereform er ikkje noko nytt fenomen. Frå skipnaden av kommuneinndelinga i 1837 og fram til i dag har det vore fleire endringar i kommunestrukturen i Noreg. I desse dagar gjennomførast den mest omfattande reforma sidan 1960-talet, då ¼ av Noreg sine kommunar forsvann.
Kompetanseprogram for personvern og informasjonstryggleik
Oktober er nasjonal tryggleiksmånad. Dette er ein årleg kampanje med mål om å auke kunnskapen om digital tryggleik hjå verksemder og generelt i befolkninga. I samband med dette ønskjer vi å tipse dykk om Bærum kommune sitt kompetanseprogram «Personvern og informasjonssikkerhet». Dette har dei laga i samarbeid med KiNS og KS, og er opphavleg utvikla for København kommune.
Kompetanseprogram for personvern og informasjonstryggleik
Oktober er nasjonal tryggleiksmånad. Dette er ein årleg kampanje med mål om å auke kunnskapen om digital tryggleik hjå verksemder og generelt i befolkninga. I samband med dette ønskjer vi å tipse dykk om Bærum kommune sitt kompetanseprogram «Personvern og informasjonssikkerhet». Dette har dei laga i samarbeid med KiNS og KS, og er opphavleg utvikla for København kommune.
NOU2019:19
Vi på IKA Hordaland jobbar no med eit høringsvar på forslag til ny arkivlov, NOU2019:9.
Skjeggkre - Ein uboden gjest i arkivet
Skjeggkre er eit emne som dukkar opp i media frå tid til anna. No etter sommarferien var det blant anna ein skule der elevane fekk beskjed om å fryse ned skulebøkene sine på grunn av skjeggkre på skulen. Det har dei siste åra vore eit stigande tal på rapporteringar om bygningar med skjegg- og sølvkre.
Strategiprosessar på 1-2-3
For eit par veker sidan arrangerte vi fagseminar for alle tilsette på IKA Hordaland. Vi fekk besøk av kommunikasjonsleiar i Alver kommune Silje Andvik Hosaas. Saman med KS konsulent har kommunen utvikla ein ny metode for å jobbe med arbeidsprosessar. Hosaas fortalde oss om «Alver-metoden», korleis Alver har nytta metoden for å bygge ny kommune og erfaringar dei gjorde seg i denne prosessen.
Ferdig ordna arkiv frå Askøy
Elevdokumentasjon er noko av det viktigaste skulane tek vare på for ettertida. Det er fordi materialet inneheld dokumentasjon som bidreg til å ivareta rettstryggleiken til elevane medan dei er i skuleløpet og i ulike omstende etter enda skulegang. Dokumentasjon om elevane samlast i elevmapper. Vanlege sakar i ei slik mappe er etter logopedi, PPT, barnevern, permisjonar, ferie, generell og tilrettelagd undervisning og mykje meir. Dei aller fleste av oss har gått på offentlege grunnskular, ein kan difor oppdrive informasjon om seg sjølv i arkiva etter dei mange skulane.
Sumar på avdeling for ordning av administrative papirarkiv
Avdelinga for ordning av administrative papirarkiv har i løpet av våren vakse til å bli den største avdelinga på IKA Hordaland. I mars flytta avdelinga vår inn i nye lokale i Kalfarveien 76, fordi dei tidlegare lokala vart for små. Per i dag er me ni tilsette ved avdelinga, medan me for berre eit år sidan var fem.
Husmorvikarnemnda
Mot slutten av 1940-talet vart dei fyrste husmorvikarstillingane i kommunen oppretta. Husmorvikarane skulle bidra med hjelp til barnefamiliar i situasjonar der husmora sjølv ikkje kunne utføre sitt vanlege tilsyn og stell i heimen. Verksemda kunne også i nokre tilfelle nyttast i førebyggjande arbeid, blant anna som støtte i nyetablerte familiar som trong råd og rettleiing.