Om delinga av Hosanger kommune

Kommunegrensene til Hosanger hadde i lang tid vore usikre. Eit brev datert 1941 til ordføraren i Hosanger om grensenemndene gjev nærare opplysningar om grensene til kommunane i kring.  Grensene til Lindås og Modalen, var gått opp av grensenemnder, og det var semje om grensene. Grensa til Masfjorden var også gått opp, men her var grensenemndene frå dei to kommunane usamde. Grensene til Bruvik og Haus var ikkje «uppgjengi». Attende på 1920-30-talet var det ein langvarig sak i formannskapet om garden Kvamme, som vart overført frå Lindås til Hosanger.

I 1942 kom eit initiativ frå fylkesmannen i Bergen og Hordaland til ordføraren i Hosanger om revisjon av kommunegrensene. I innleiinga i brevet skriv fylkesmannen med patos om korleis den norske statseininga har vakse fram gjennom samarbeid og samansmelting av landsluter som frå fyrst av var sjølvstendige.

Argument for deling

I saksmappa 1952-1963 Revisjon av kommuneinndelinga i arkivet etter Hosanger formannskap er det fleire skriv på brevpapiret til Hosanger kommune Formannskapet. Skriva er ikkje underteikna, men gjev eit godt oversyn over korleis Hosanger såg seg sjølv i arbeidet med nye kommunegrenser. Her legg skrivaren mykje av det tidlegare brevet frå fylkesmannen til grunn, og peikar på nye grenser som ei naturleg utvikling.

«Hosanger kommunestyre ser det såleis, at utviklinga har ført med seg krav om revisjon av kommunegrensene. Det som før var naturlege einingar, høyrer ikkje lenger så naturleg i hop. Grender som tidlegare var skilde, er no knytte i hop med sambandsliner som har skapt nye sams interesser og tiltak. Omlegging av ruteferdsla, endring i næringsstrukturen, sentralisering av skuleverket, tykkjest å peika fram mot nye sjølvgjevne interesseområde som så krev meir naturlege kommunale einingar. For Hosanger kommune sitt vedkomande er det såleis i dag, at Osterfjorden ikkje lenger er nokon naturleg bindeledd mellom mesteparten av grendene. Fjorden skil meir enn han bind i hop.»

Motstand mot delinga

Kommunerepresentantane frå Nordsida av Osterfjorden skipa eit eige framlegg til kommuneinndelingsnemnda. Framlegget er underteikna, men ikkje datert. Representantane frå Nordsida såg det slik at Hosanger kommune ikkje  burde delast. Motstandarane mot planane om deling lyfter fram argument om den maskinelle utviklinga i jordbruket, som ville tvinge mange bruk til å leggje ned drifta. Ei deling ville øydelegge balansen mellom ulike næringsvegar. Dei meinte og at fjorden ikkje var noko hinder: «At Sørfjorden med sine 2 gode ferjesamband skulde vera noko hindring for samferdsla i kommunane vil vel ingen påstå.»

Mot slutten av framlegget kjem dei med argument som jamvel kunne vore sett fram i dag: «Det er halde fram at dei store kommunar magtar betre å løysa store oppgåver. Det er nok rett, men samstundes vert det verre å løysa dei mange små oppgaver, dei som gjeld ein liten del av kommunen. Desse oppgavene vil auka i samsvar med storleiken av kommuna, og den velkjende og negative dragkampen millom dei ymse stok vil auka. Dette er ein realitet som ein ikkje kan sjå bort frå.»

Folkerøystinga

4. desember 1957 vart det skipa brev frå Hosanger ordførarkontor til fylkesmannen i Hordaland hr. Mons Lid om den nye kommuneinndelinga. Her vart det oppmoda til at ordføraren eller ein av formannskapet skulle kalla inn og styra krinsmøter, og at det vert høve til skriftleg røysting. For som det heiter: «Ein nemner dette fordi ein kjenner til av røynsle, at avgjerder på slike ‘folkemøte’ med open røysting, ofte kan verta noko vilkårlege.» Folkemøte vart avheldt, og det førte med seg samrøystes krav om folkerøysting.

Folkerøystinga vert halde tysdag den 15. april 1958 mellom kl. 17-20. Innbyggjarane skulle røyste over Kommuneinndelingskomiteen sitt førebels framlegg til endring av kommunegrensene. Røysteføre var alle fastbuande innan Hosanger kommune som hadde fylt 21 år. Det vart røysta i tolv krinsar; seks krinsar på Osterøy, tre i Indrefjorden og tre på Nordsida. Før røystinga reiste ordføraren Alv Hagen til forsamlingshus i Vikanes, Hosanger og Fotlandsvåg og hald orienteringsmøte om røystinga.

Krinsane hadde ulike røystesetlar. I dei seks krinsane på Osterøy var det to spørsmål folket skulle svare på:

«1.a: Er De for deling av Hosanger kommune? b: Er De mot deling av Hosanger kommune?  2: Ifall det vert ein Osterøy kommune meiner De at Haus sokn på Osterøy må fylgja med?»

Dei tre krinsane på Nordsida fekk same spørsmål 1, om deling av Hosanger kommune, men spørsmål 2 var annleis: «I fall det vert ein fastlandskommune på Nordsida, ynskjer De då:

  1. Lindåshalvøya nord til Vågseidet i ein kommune? (Kommuneinndelingskomiteen sitt framlegg)
  2. Heile Lindåshalvøya i ein kommune?
  3. Myking sokn, Hamre og Hosanger (på nordsida) i ein kommune.»

Det er ikkje røystesetlar frå Indrefjorden å finne i arkivmappa.

Om lag 37 % av dei røysteføre innbyggjarane etter siste Stortingsval-manntal møtte til røystinga. 319 var mot deling og 270 var for deling. 21 var anten både for og imot deling, eller utan standpunkt til deling. I alt hadde 610 gjeve røyster. Krinsane på Osterøy var for deling, mens Indrefjorden og Nordsida var imot. Etter folkerøystinga gjekk det enno seks år før det vart endeleg avgjerda i saka. Det viste seg at folkerøystinga ikkje vart førande for utfallet. Etter ein lang prosess frå fylkesmannens brev i 1942 med stort folkeleg engasjement opp mot folkerøystinga i 1958 der fleirtalet var imot deling, vart Hosanger endeleg delt i 1964. Fjorden var ikkje lenger den ferdselsvegen som hald kommunen saman. Fjorden blei den nye grensa.