I samband med dette er tek vi gjerne i mot innspel frå eigarane våre. Så om du ikkje sjølv rekk å skrive eit høringsvar send gjerne innspel til oss, men vi oppmodar sjølvsagt alle kommunar som har moglegheit å sjølv skrive eit høringssvar, då dette er noko av det viktigaste som skjer kring faget vårt nett no.

Treng du tips?

Norsk Arkivråd nett publisert ein presentasjon frå Norsk Helsenett, med tips til korleis ein kan jobbe med dette. Absolutt verdt å sjå nærare på. Saka finn du her. I tillegg har Arkivforbundet arrangert eit fagseminar om NOUen. Heile seminaret ligg tilgjengeleg her.