Over 750 000 bilete på Digitalarkivet
Frå starten av 2019 til og fram til i dag, har IKA Hordaland med passert over 750 000 opplastingar på Digitalarkivet fordelt over 4 200 kjelder.
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Frå starten av 2019 til og fram til i dag, har IKA Hordaland med passert over 750 000 opplastingar på Digitalarkivet fordelt over 4 200 kjelder.
Det nasjonale målet er at 10% av kulturarven skal vere digitisert innan 2029. Riksrevisjonens si undersøking av digitalisering av kulturarven, Dokument 3:4 (2016-2017), slo fast at ein svært låg del av kommunale arkiv er digitisert og gjort digitalt tilgjengeleg for publikum.
Privatarkiv er samlingar av dokument, bilete, film, lydopptak og andre historiske kjelder som ikkje kjem frå offentlege institusjonar, men frå private personar, familiar, organisasjonar, bedrifter og andre aktørar i samfunnet. Desse arkiva inneheld verdifull informasjon og kunnskap om lokalsamfunn, historiske hendingar, kultur og tradisjonar som er viktige for å forstå og dokumentere fortida vår.
I april 2022 starta vi eit prosjekt med mål om å kartlegge arkivbestanden i eigarkommunane våre. Kartlegginga undersøker både administrative arkiv, personregister og privatarkiv. Føremålet med prosjektet er å få ei oversikt over kor mykje papirarkiv det er ute i kommunane som ikkje er deponert hjå oss. Slik kan vi planlegge for den framtidige magasinutviklinga vår.
Arkivverket pålegg offentlege verksemder å ha ein plan for langtidsbevaring av elektronisk materiale iht. arkivforskrifta § 13 og riksarkivarens forskrift § 4-4- til 4-6. Kommunane plikter å ha ein plan for framtidige uttrekk og deponeringar, som skal innehalde ei oversikt over finansiering og framdrift, samt tidsfristar for når arbeidet skal vere ferdig.
Vi ønskjer alle våre eigarkommunar, samarbeidspartnarar og brukarar ei riktig god jul og eit godt nyttår.
I 2022 er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Dette er ein viktig milepæl i norsk historie som blir markert med eit skeivt kulturår. Arkivdagen i år er også vigt til markeringa, og har skeive arkiv som tema. Kva for døme kan vi finne på skeiv historie i kommunale arkiv?
Denne veka har IKA Hordaland fått inn heile 41 ulike avslutta system til depot, i hovudsak frå dei ni kommunane som deltek i IKT Nordhordland samarbeidet. Systema dekker breidda av heile kommunal forvaltning og område som til dømes barnevern, skule, PPT og vaksenopplæring. Det er altså system som inneheld mykje viktig rettsdokumentasjon av stor betydning for enkeltmenneske.
Våren 2022 har studentene Kristoffer og Vilde fra Universitetet i Bergen vært i praksis ved IKA Hordaland gjennom studieemnet «Praksis i arbeidslivet».
Biblioteka/innbyggartorga i Øygarden kommune inviterer til tre spanande arrangement som gir deg små glimt inn i dei mange arkiva som no er gjort tilgjengelege på digitale plattformar. Har du tenkt på korleis kommunen tek vare på dokumenta sine og kva for interessant informasjon du kan finne i nye og gamle arkiv?