Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kalender

Kontaktkonferansen 2026

Vi har gleda av å invitere til årets Kontaktkonferanse. Denne gongen arrangerast feransen den 26. og 27. oktober 2026. 

Kontaktkonferansen 2025

Vi har gleda av å invitere til årets Kontaktkonferanse. Denne gongen arrangerast Kontaktkonferansen på Hardangerfjord hotell den 20. og 21. oktober.

Kurs i slektsgransking

Er du nysgjerrig på kor du kjem frå eller vil du vite meir om slekta di?

No har du sjansen til å lære slektsforskning – ein hobby som kombinerer spennande historie med digitale verktøy

World Digital Preservation Day 2025

Denne dagen er ein viktig dag som setter fokus på arbeidet med å sikre digitale arkiv for framtida.

Digital bevaring handlar om å ta vare på informasjon som eksisterer i digital form, slik at ho kan vere tilgjengeleg og forståeleg både for dagens og komande generasjonar. 

Markeringa er eit initiativ frå Digital Preservation Coalition (DPC) og blir støtta av fagmiljø over heile verda. Målet med dagen er å auke medvitet rundt dei utfordringane som kjem med å sikre digitale data, og å dele erfaringar og gode løysingar på feltet.

Vi oppmodar alle til å bruke dagen til å lære meir om korleis ein kan bidra til digital bevaring, både i profesjonelle og personlege samanhengar. På verdsbasis vil det bli arrangert seminar, workshopar og kampanjar som synleggjer verdien av digitale data og kva som krevst for å sikre at dei ikkje går tapt.

Katalogen over elektroniske arkiv hjå oss vert fortløpande oppdatert og er tilgjengeleg her

Les meir om den internasjonale dagen for bevaring her.     

Arkivdagen 2025

Arkivdagen 2025 vert markert onsdag 11. juni med eit kveldsarrangement i Bergen, i regi av Arkivverket, IKA Hordaland og andre samarbeidspartnarar. Temaet i år er utvandring og innvandring, og vi inviterer til spennande føredrag som speglar ulike perspektiv på migrasjon gjennom historia.

Program
– Roald Sjursen (Slekt og Data Hordaland): Emigranter til Amerika – korleis han har jobba med bok om emigrantar
– Lena Kutchera (Vestnorsk utvandringssenter): Nytt liv i nytt land
– Lars Fivelstad Smaaberg (IKA Hordaland): Emigrasjon frå Noreg. Personlege forteljingar frå forvaltninga
– Ketil Rolland Hansen (Arkivverket): Søking og nyheiter i Digitalarkivet i samband med Emigrasjonsåret 2025

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Årstadveien 22 / Statsarkivet i Bergen

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7
>