Vi ønsker å invitere eigarkommunane våre til ei ny runde med verkstad i arkivplan. På verkstaden vil vi ta for oss eit eller to konkrete tema som vi vil jobbe med. Som på tidlegare verkstad vil dagen starte med ein presentasjon frå oss, før vi går vidare til diskusjon og arbeid med eigen arkivplan.

Vi har satt opp dagane 13. mars, 14. mars, 27. mars og 28. mars kl. 10.00 - 15.00. Vi ser at desse samlingane fungerer best om gruppa ikkje er for stor. Vi set derfor eit tak på fem kommunar per dag. Det kan komme meir enn ein person frå same kommune om det er fleire i kommunen som jobbar med arkivplan. For å kunne jobbe med arkivplanen må alle deltakarar ha med eigen PC.

Dette er eit gratis arrangement kun for eigarkommunane våre. Her kan du melde deg på om du ønsker å delta