Kalender
Kontaktkonferansen 2025
Vi har gleda av å invitere til årets Kontaktkonferanse. Denne gongen arrangerast Kontaktkonferansen på Hardangerfjord hotell den 20. og 21. oktober.
Kurs i slektsgransking
Er du nysgjerrig på kor du kjem frå eller vil du vite meir om slekta di?
No har du sjansen til å lære slektsforskning – ein hobby som kombinerer spennande historie med digitale verktøy
World Digital Preservation Day 2025
Denne dagen er ein viktig dag som setter fokus på arbeidet med å sikre digitale arkiv for framtida.
Digital bevaring handlar om å ta vare på informasjon som eksisterer i digital form, slik at ho kan vere tilgjengeleg og forståeleg både for dagens og komande generasjonar.
Markeringa er eit initiativ frå Digital Preservation Coalition (DPC) og blir støtta av fagmiljø over heile verda. Målet med dagen er å auke medvitet rundt dei utfordringane som kjem med å sikre digitale data, og å dele erfaringar og gode løysingar på feltet.
Vi oppmodar alle til å bruke dagen til å lære meir om korleis ein kan bidra til digital bevaring, både i profesjonelle og personlege samanhengar. På verdsbasis vil det bli arrangert seminar, workshopar og kampanjar som synleggjer verdien av digitale data og kva som krevst for å sikre at dei ikkje går tapt.
Arkivdagen 2025
Arkivdagen 2025 vert markert onsdag 11. juni med eit kveldsarrangement i Bergen, i regi av Arkivverket, IKA Hordaland og andre samarbeidspartnarar. Temaet i år er utvandring og innvandring, og vi inviterer til spennande føredrag som speglar ulike perspektiv på migrasjon gjennom historia.
Program
– Roald Sjursen (Slekt og Data Hordaland): Emigranter til Amerika – korleis han har jobba med bok om emigrantar
– Lena Kutchera (Vestnorsk utvandringssenter): Nytt liv i nytt land
– Lars Fivelstad Smaaberg (IKA Hordaland): Emigrasjon frå Noreg. Personlege forteljingar frå forvaltninga
– Ketil Rolland Hansen (Arkivverket): Søking og nyheiter i Digitalarkivet i samband med Emigrasjonsåret 2025
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Årstadveien 22 / Statsarkivet i Bergen
Arkivplanverkstad 2025/3
IKA Hordaland inviterer tilsette i eigarkommunane til arkivplanverkstad. Dette er ein flott sjanse til å styrke arbeidet med arkivplanar gjennom fagleg påfyll og praktisk rettleiing.
Arrangementet er gratis, og me byr på lunsj til alle deltakarar.
Dette er eitt av tre like arrangement - I fall du ikkje kan delta denne dagen, er det fleire moglegheiter.
Program og påmelding vert publisert snart.
Arkivplanverkstad 2025/2

Arkivplanverkstad 2025/1

Arkivdagen 2024
Arkivdagen 2024 blir markert 9. juni. Tema for dagen i år er sjukdom, smerte liding og død.
Samling for arkivansvarlege
I etterkant av Kontaktkonferansen 2023 var det fleire som uttrykte ønske om større erfaringsutvekslingar på tvers av kommunane. Vi ønsker derfor å invitere til felles samling for arkivansvarlege i kommunane.