Nyhende
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Sumar på avdeling for ordning av administrative papirarkiv
Avdelinga for ordning av administrative papirarkiv har i løpet av våren vakse til å bli den største avdelinga på IKA Hordaland. I mars flytta avdelinga vår inn i nye lokale i Kalfarveien 76, fordi dei tidlegare lokala vart for små. Per i dag er me ni tilsette ved avdelinga, medan me for berre eit år sidan var fem.
Husmorvikarnemnda
Mot slutten av 1940-talet vart dei fyrste husmorvikarstillingane i kommunen oppretta. Husmorvikarane skulle bidra med hjelp til barnefamiliar i situasjonar der husmora sjølv ikkje kunne utføre sitt vanlege tilsyn og stell i heimen. Verksemda kunne også i nokre tilfelle nyttast i førebyggjande arbeid, blant anna som støtte i nyetablerte familiar som trong råd og rettleiing.
Lov om barnevern
Denne veka er det 66 år sidan lov om barnevern blei vedtatt i 1953. Lova avløyste verjerådslova av 1896, samt føresegn frå pleiebarnslova, forsorgslova, helserådlova og skulelova. Hensikta var å skape tryggare og ryddigare juridiske tilhøve for dei som var påverka av dei ulike lovene. Barnevernslova av 1953 utvida ansvarsområdet til barnevernet til å inkludere barn som levde under forhold som kunne skade utviklinga deira, og ga barnevernet eit generelt ansvar for barn sine oppvekstkår.
Framhaldsskulen
Skulearkiv er eit av dei mange ulike typane arkiv me tek vare på i magasina våre. Nokre av dei eldste skulearkiva er dei etter framhaldsskulane, kalla «fortsettelseskule» før 1946. Framhaldsskulane vaks fram mot slutten av 1800-talet og utover byrjinga av 1900-talet. Saman med realskulen var dei ein forgjengar for det som skulle bli den niårige grunnskulen.
Tsjernobyl-ulykka
TV-serien «Chernobyl» vart raskt ein suksess etter å ha vorte sendt på strøymetenesta HBO denne våren. Serien tek utgangspunkt i kjernekraftulykka som hende natt til 26. april 1986. Tsjernobyl-ulykka er framleis den verste kjernekraftulykka verda har sett, og førte til at store mengder radioaktive stoff vart slopne ut i atmosfæren. Vind frakta stoffa til landområde også utanfor Ukraina. Berre to dagar etter dei dramatiske hendingane i Tsjernobyl synte målingar auka radioaktivitet i Noreg.
Dialekt og stadnamn frå Sund
Dialektane våre er i stadig endring. Måten vi snakkar på blir påverka av og endrar seg i takt med samfunnet. Nye ord og uttrykk ser dagens lys, medan andre viskes ut og forsvinn.
Pilot: Digitaliseringsprosjekt
Nye Øygarden kommune oppretta i år eit prosjekt for å digitalisere dei «gamle» kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, sine eldre byggesaksarkiv.
Frimerke i arkiva
Når vi ryddar og ordnar gamle arkiv finn vi ofte ting som har historisk verdi, men som likevel ikkje er arkivverdige. Blant dette er det store mengder frimerke som kan få ein ny verdi ved at dei vert send til Tubfrim.
Plukkassasjon vert ikkje tilrådd
Arkiva som er under ordning i kontraktfesta ordningsprosjekt skal kassasjonsvurderast.
Den tyske invasjonen sett frå arkivet
I dag minnast me 9. april 1940, dagen for den tyske invasjonen av Noreg. Det har gått 79 år sidan invasjonen, som i dag er blitt ein viktig merkedag som markerast over heile landet. Dei fleste kjennar nok til den store historia som blir formidla om 9. april, men det finnast også mindre kjente historier om invasjonen som me kan sjå spor etter i arkivet.