Frå 1948 vart det gjeve statstilskot til husmorvikarstillingane. Dette resulterte i etableringa av eigne nemnder for husmorvikartenesta. Kommunestyret eller formannskapet valde desse nemndene som skulle være det rådgivande organet for kommunen i spørsmål knytt til husmorvikarverksemda. Nemnda vart val for den kommunale valperioden. Betalingssatsane for husmorvikarhjelp vart fastsett av kommunen etter råd frå husmorvikarnemnda. Satsane tok omsyn til inntektsnivået til den einskilde familie. I 1959 kunne betalingssatsen ikkje overstige 2 kr per time eller 16 kr per dag. For familiar med dårlig råd var tenesta gratis.

Dispensasjon for å arbeide som husmorvikar vart gjeve av Departementet for familie- og forbrukarsaker. I retningslinene for husmorvikarverksemda og heimesjukepleia frå 1959 opplyser dei om at husmorvikaren ikkje kunne vere yngre enn 21 år. Ho måtte enten ha fullført eit husmorvikarkurs eller ha sagt seg villig til å gjennomføre kurset så snart det let seg gjere. For å kvalifisere seg til husmorvikarkurset måtte søkaren ha 2-3 års praksis med husarbeid. For husmorvikarar som skulle arbeide i distrikta vart det også stilt krav om erfaring frå landhushaldet, blant anna mjølking og stell av dyr.

I normalinstruksen for husmorvikarar frå 1975 står det skrive at husmorvikaren skal «med omsorg og interesse utføre det arbeid som er nødvendig for at det daglige stellet kan ivaretas på en forsvarlig måte». Vidare vart det trekt fram at husmorvikaren skulle bidra til trivsel og reinslegheit i heimen, samt syne ansvar og forståing for familiens økonomi. I likskap med tilsette i dagens helsevesenet skulle husmorvikaren syne respekt for private forhold og måtte derfor skrive under på ei teieplikterklæring ved tiltredinga.  

IKA Hordaland tek vare på ein rekke arkiv etter ulike husmorvikarnemnder i Hordaland. Kva arkiv vi oppbevarer etter husmorvikarnemndene og kva dei inneheld kan dykk sjå på Arkivportalen.no. 

I arkiva etter husmorvikarnemndene kan vi møte på opplysningar om enkeltpersonar. Personsensitive opplysningar er unntatt offentlegheita, jamfør § 13 i forvaltningslova, og vil normalt vere klausulert i 60 år.