Osterfjorden: frå ferdselsveg til grense
Hosanger kommune er ein av kommunane som forsvann med kommunesamanslåinga i 1964. Kommunen låg i Nordhordland, på både sider av Osterfjorden. Eit område på Lindåshalvøya og eit på Osterøya. Med revisjonen av kommunegrensene vart kommunen delt, med Osterfjorden som grense mellom Lindås kommune og Osterøy kommune. Arkiva etter Hosanger kommune oppbevarast i dag ved Interkommunalt arkiv i Hordaland. Dokument herifrå gjer innblikk i delinga av kommunen. Sjølv om planen om deling av kommunen var administrert frå fylket, var også kommunen særs aktiv i prosessen. Det kom jamvel til folkerøysting.