Vår besøksadresse er:
2. etasje, c/o Bergen Byarkiv, Kalfarveien 82, 5022 Bergen.
Bilete frå google maps:
Opningstid:
Mandag – fredag kl 9.00-15.00.
Transport – korleis komme seg hit:
- Bil: Sjå vegbeskrivelse. Du kan parkere i Europark sitt parkeringsanlegg i fjellet som er inn porten du ser på biletet. Hugs å betale og legg billetten synleg i ruta.
- Buss: Sjå rutetider. Både buss nr. 2, 3 og 11 stopper i sentrum og ved Byporten, som er det nærmaste stoppet til busstasjonen og jernbanestasjonen. Når du kjem fra byen går du av på stoppet rett etter Byporten.
- Til fots: Sjå vegbeskrivelse. Frå busstasjonen / jernbanestasjonen tek det omlag 15 minutt å gå til oss.
Tilgjengelegheit:
Våre lokaler er tilgjengeleg for alle. Det er heis i bygget og døråpner samt ringeklokke utanfor døra i 2. etasje. Om du ringer på denne kjem vi og åpnar for deg.
Når du kjem inn i publikumsområde:
Skriv deg inn i besøksboka.
Om du har ein avtale, vil vi møte deg når du kjem. Vi vil då finne fram det du har bestillt innsyn i.
Heng av deg ytterkle og paraplyar i garderoben. Der er det også låsbare skap til vesker o.a.
Bruk av arkivsaker:
Arkivmaterialet er uerstatteleg og du må difor vise varsemd når du skal bruke det.
Vi har derfor nokre reglar for for bruk av arkivsakene på lesesalen:
- Opne berre ein arkivboks eller pakke om gangen
- Pass på at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge
- Aldri fjerne noko av innhaldet
- Bruk berre blyant når du skal notere noko og pass på at ikkje arkivsaker vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg på bordet.
- Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokmenta eller lag brettar i dei
- Ikkje legg opne protokollar oppå kvarandre
- Du kan bruke eigen datamaskin på lesesalen
- Du kan reservere arkivmateriale for seinare bruk. Sei ifrå til lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjå på det seinare.
Mat og drikke:
Det er ikkje tillatt å ta med mat og drikke på lesesalen. Om du vert svolten, er det eit lite tekjøkken i publikumsarealet kor du kan finne deg til rette, koke vann osv.. Vi har også ein behageleg sofa å slappe av i. Matbutikk finnes like i nærleiken av Ikah.
Velkomen på besøk.

