På ekstraordinært representantskapsmøte 09.02.24 vart representantskapet orientert om at ombygginga i Hansaparken, der vi er leigetakarar er forsenka. 

Etter planen, skulle vi ha flytta inn i omvølte og meir arealeffektive kontorlokale sommeren 2023. I desember 2023, vart det klårt at ombygginga vart utsett. Nye lokale kan truleg fyrst stå ferdig i desember 2026. I januar vart det avklara at vi og må flytte ut av noverende erstatningslokaler innan 1. juni 2024. 

I fyrste omgang er det kontora til sakshandsaming, digitalisering, ordning som lyt flytte til nye erstatningslokale. Sjølve arkivmagasina er ikkje omfatta av flyttinga og postadressa vår vert uendra.  Flyttinga vil pågå frå byrjinga av mai til over sommaren. Vi tek sikte på å vere etablert i dei nye lokala og i nogelunde normal gange att innan 1. oktober. 

Så lenge flyttinga pågår, kan det tidvis vere vanskligare å nå oss på telefon. Vi kjem til å prioritere sakshandsaming av innsynsførespurnadar. Men, det må påreknast noko lengre svartid enn før. 

Vi beklagar ulempene dette måtte medføre.