Kommunale kjelder

I byggesaksarkiva finn du dokumentasjon om eigedom som har inngått i sakshandsaminga etter plan- og bygningslova. Dette kan vere byggemeldingar, teikningar, ferdigattestar og korrespondanse mellom kommune, arkitekt og byggherre. 

Mengda av dokumentasjon som finnes på ein eigedom vil variere. Enkelte eigedomar kan ha meir enn ei byggesaksmappe. Grisgrendte strøk vart først omfatta av bygningslova i 1965, og utanfor byane kan det derfor vere vanskeleg å finne dokumentasjon om ein eigedom før denne perioden. 

Dokumentasjon om kommunale bygg og eigedomar kan og vere å finne i saksarkiv etter ulike arkivskaparar, avhengig av byggjeår og type bygg. Saksmappene kan innehalde forberedande saksdokument, vedtak, korrespondanse, teikningar og i nokre tilfelle foto. 

Ønsker du innsyn i eiga byggesaksmappe anbefaler vi deg om å ta kontakt med kommunen. Store delar av byggesaksarkiva er digitaliserte og vil vere tilgjengelege på nett for sakshandsamarar i kommunane. Byggesaksarkiv som ikkje er digitalisert står oppbevart i kommunen. 

På postlistene til kommunane vil det som regel vere mogleg å søke fram og bestille byggesaker av nyare dato. Nedanfor finn du ei oversikt over kva for kommunar som har digitalisert byggesaksarkivet sitt

 

Har digitalisert byggesaksarkivet
Ja

Bømlo, Fitjar (delar av byggesaksarkivet), Kvam, Bjørnafjorden, Øygarden (delar av byggesaksarkivet),

Askøy, Vaksdal, Modalen, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje  

Nei Etne, Sveio, Tysnes, Kvinnherad, Ullensvang, Eidfjord, Samnanger, Austevoll,  
Manglar informasjon Ulvik, Voss, Masfjorden

 

Kommunalt bygningsråd

Bygningsrådet hadde ansvar for å handsama søknadar om byggjeløyve, utføra tilsyn med byggjearbeid, inspisera det fullførte arbeidet, og utferda ferdigattestar.

Referat frå måte i Sveio bygningsråd den 18. september 1981

 

Nedanfor finn du ei oversikt over kva for kommunar som har digitalisert bygningsrådsprotokollar og lenke til digitalarkivet.no

 

ArkivPeriode
Askøy kommune. Bygningsrådet1949-1995
Austevoll kommune. Bygningsrådet1966-1990
Austrheim kommune. Bygningsrådet1967-1985
Bruvik kommune. Bruvik/Vaksdal bygningsråd1957-1967
Bruvik kommune. Dale bygningsråd1919-1964
Bruvik kommune. Vaksdal bygningsråd1934-1964
Bømlo kommune. Bygningsrådet 1966-1987
Eidfjord kommune. Bygningsrådet1946-1993
Etne kommune. Bygningsrådet1948-1994
Fedje kommune. Bygningsrådet1967-1983
Fitjar kommune. Bygningsrådet1953-1977
Fjell kommune. Bygningsrådet1966-1991
Fusa kommune. Bygningsrådet 1942-1993
Granvin herad. Bygningsrådet1942-1993
Jondal kommune. Bygningsrådet1932-1991
Kvam herad. Kvam bygningsråd1915-1964
Kvam herad. Øystese bygningsråd1917-1952
Kvinnherad kommune. Bygningsrådet 1964-1995
Kvinnherad kommune. Rosendal bygningsråd 1946-1963
Kvinnherad kommune. Sunde bygningsråd 1956-1963
Kvinnherad kommune. Uskedalen bygningsråd 1956-1964
Lindås kommune. Bygningsrådet1964-1995
Masfjorden kommune. Bygningsrådet1965-1992
Meland kommune. Bygningsrådet 1966-1992
Modalen kommune. Bygningsrådet1977-2003
Os kommune. Bygningsrådet1929-1991
Osterøy kommune. Bygningsrådet1950-1993
Radøy kommune. Bygningsrådet1966-1990
Samnanger kommune. Bygningsrådet1947-1985
Skånevik kommune. Bygningsrådet1946-1962
Stord kommune. Bygningsrådet1960-1987
Sund kommune. Bygningsrådet1966-1993
Sveio kommune. Bygningsrådet1965-1995
Tysnes kommune. Bygningsrådet1966-1995
Ullensvang herad. Lofthus/Ullensvang bygningsråd 1939-1991
Ulvik herad. Bygningsrådet1930-1991
Vaksdal kommune. Bygningsrådet1967-1994
Voss kommune. Bygningsrådet1965-1991
Øygarden kommune. Bygningsrådet1967-1994

Statlege kjelder

Tinglyste dokument frå perioden fram til 1950 finn du i dei statlege arkiva. På Digitalarkivet kan du sjølv gjere søk i grunnboka for å sjå kva som er tinglyst på din eigendom. I pantebøkene finner du avskrifter av tinglyste dokument, medan anna skylddelingar og skøyter.  For nyare tinglyste dokument må du ta kontakt med Kartverket

På Arkivverket sine heimesider finn du rettleiarar om korleis du skal gå fram for finne tinglyste dokument, branntakstar og jordskiftesaker