Kurs: Barnehagedokumentasjon

Kurs: Barnehagedokumentasjon

Om kurset:
Tema for kurset er barnehagedokumentasjon; Kva dokumentasjon har vi i “barnehagemappa” og kva dokumenterer vi i andre deler av arkivet? Vi vil ta opp sentrale omgrep, lovverk samt organisering av arkiva. Vidare tek vi opp spørsmål omkring innsyn i barnehagemappene og arkivet. Vi kjem vidare inn på elektroniske system som inneheld dokumentasjon om barna, både saksarkivsystem og fagsystem. Målet er at ein skal få grunnleggjande kunnskap til å handtere barnedokumentasjon på ein trygg og effektiv måte.

Målgruppa for kurset:
Kurset er særleg aktuelt for tilsette i kommunar som arbeider med barnehagedokumentasjon. Dette kan vere styrar, sekretærar og saksbehandlarar innan skule og barnehage, arkivleiarar samt arkivmedarbeidarar i sentralarkivet, dokumentsenteret eller ute i den enkelte barnehage.

Kurset om barnehagedokumentasjon har blitt arrangert her:
2.11.2011, Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Kurshaldar var Rune Lothe.
29.11.2011, Grand Hotell Stord. Kurshaldar var Rune Lothe.
21.2.2012, Park Hotell Vossevangen. Kurshaldar var Rune Lothe.
Print