Ålmenn tilgang til arkiv som informasjonskjelder kviler på FNs bærekraftmål om demokratiske rettar for den enkelte innbyggjar. Sidan 2019, då Digitalarkivet vart opna for oss som tenestetilbydar, har vi gjennom avtalen med Arkivverket digitisert kommunale arkiv, eldre en 100 år og publisert desse opent tilgjengeleg. 

Samordning av digitisering av den kulturarven dei kommunale arkiva representerer er avgjerande for å sikre at kvar enkelt kommune ikkje fell bak og at vi dermed får eit digitalt klasseskilje i kommunesektoren.

I desember 2022, tilsette vi ein konsulent med ansvar for å drive digitiseringsarbeidet framover. I frå 2023 utvida vi tenesteavtalen med eigarkommunane slik at dei gjennom avtala, har rett til å få digitisert og publisert arkiv frå 1837-1993 på Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform. 

Vi håper at både kommunar og publikum blir nøgd med den nye tenesta.