Alle som ein gang har flytta, veit at det er en krevjande prosess. Vi håpar difor at alle har forståing for at det kan ta litt lengre tid å få svar frå oss, nå dei kommande vekene. Send gjerne e-post til post@ikah.no om du ikkje når oss på telefon. Vi ringer deg tilbake så snart vi får ei ledig stund.
Interkommunalt arkiv i Hordaland flyttar
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei kommande vekene flyttar vi til erstatningslokalar som følgje av ombygginga ved Bergen byarkiv. Alle tilsette får nye kontorplassar, og alt av arkiv i nærmagasin blir flytta til eit anna lokale.