Møtet vert heldt digitalt på teams og er ope for alle. Eigarmøte er eit uformelt forum der vi presenterer og/eller drøfter problemstillingar med selskapet sine eigarar. Møtet er og ei mogelegheit for eigarane å komme med tilbakemeldingar og stille spørsmål. 

Vi ynskjer på dette møte å presenter / drøfte fylgjande: 

  1. Menon Economics sin rapport Utredning av en framtidsretta arkivorganisering i Vestland. Rapporten kan du lese her. Fylkeskommunen sin utgreiing av framtidig arkivorganisering i Vestland fylke finn du her 
  2. Vestland fylkeskommune sitt høyringsutspel på K5 kombinasjonskonsept som vert sendt på høyring blant våre eigarkommunar. 

 

Ynskjer du å delta kan du sende ein e-post med påmelding til post@ikah.no innan fredag 11. november. Merk denne med eigarmøte haust 2022.

Sende gjerne inn spørsmål i forkant om de ynskjer vi skal svare i møte.