Eigarmøte er eit uformelt forum der selskapet kan presentere og drøfte problemstillingar med selskapet sine eigarar. Møte er og ein mogelegheit for eigarane å komme med ynskje, tilbakemeldingar og stille spørsmål.

På dette møtet ønskjer vi å presentere / drøfte følgjande saker:

  1. Tenestetilbodet
  2. Ombygging av lokala i Hansaparken
  3. Samarbeid og organisering av dei kommunale arkivinstitusjonane i Vestland fylke

Då møte er digitalt blir digital invitasjon/ lenke i teams sendt til samlege representantskapsmedlemmer.

Om det er andre som ønskjer å delta, ber vi om at ein sender e-post med påmelding til post@ikah.no innan onsdag 25. januar. Merke denne med eigarmøte 2023.  

Sende gjerne inn spørsmål i forkant om de ønskjer vi skal svare på i møte.