Om IKA Hordaland
IKA Hordaland er ei verksemd organisert med heimel i lov om interkommunale selskap. Samarbeidet vart skipa i 1987 og hadde i byrjinga 19 eigarkommunar. I 1994 auka talet på eigarar til 24 kommunar, men det var fyrst i år 2000 at samarbeidet vart gjort om til eit interkommunalt selskap. Eigarkommunane betaler årleg inn tilskot til drifta basert på folketal. Selskapet sitt øvste organ er representantskapet der alle eigarkommunane er representert. Dei vel eit styre som forvaltar selskapet og er ansvarleg for at dette vert drive i samsvar med selskapet sitt føremål, selskapsavtalen og retningsliner vedteke av representantskapet. Dagleg leiar har ansvar for den daglige drifta av selskapet.
IKA Hordaland sitt føremål er å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål, jf. Lov om arkiv § 6 (arkivlova).
Kontakt oss
Spørsmål kring våre arkivsamlingar og bestilling av arkiver:
Ring oss på telefon 55 30 60 90 mellom 9.00-14.30, eller send ein e-post. Vi er ofte ute på besøk hjå kommunane eller utan telefondekning inne i arkivmagasina. Vi ber om forståing for at det kan vere vanskeleg å få tak i oss på telefon.
Postadresse:
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS
Kalfarveien 82
5022 Bergen
Besøksadresse: Kalfarveien 82, 5022 Bergen
Organisasjonsnummer: 971 348 496
Bankkontonummer: 3624 34 92348
Tilsette
Rune Lothe, dagleg leiar
414 12 138
rune.lothe@ikah.no
Knut Kjosås, fagleiar
55 30 60 95
knut.kjosaas@ikah.no
Inge Vikane, konsulent og verneombud
55 30 60 91
inge.vikane@ikah.no
Øyvind Olsen, IKT-ingeniør
55 30 60 92
oyvind.olsen@ikah.no
Eirik Netteland, rådgjevar
55 30 60 98
eirik.netteland@ikah.no
Thea Henriette Skjåk Nielsen, rådgjevar
55 30 60 94
thea.nielsen@ikah.no
Jørn Harald Grov, spesialkonsulent
55 30 60 90
jorn.grov@ikah.no
Janny Sjåholm, rådgjevar
55 30 60 93
janny.sjaaholm@ikah.no
Hans Sindre Rein, rådgjevar
55 30 60 99
hans.rein@ikah.no
Janita Kristin Solibakke, konsulent
55 30 60 90
janita.solibakke@ikah.no
Herman Krohn-Dale, konsulent
55 30 60 90
herman.krohn-dale@ikah.no
Våre eigarar
Interkommunalt arkiv i Hordaland er eigd av 24 kommunar i det som dekkjer tidligare Hordaland i noverende Vestland fylke: Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Voss, Kvam, Samnanger, Bjørnafjorden, Austevoll, Øygarden, Askøy, Vaksdal, Modalen, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og Masfjorden kommunar.
Styret
Forvaltninga av Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS ligg under eit styre, som er ansvarleg for at selskapet vert drive i samsvar med selskapet sitt føremålet, selskapsavtala samt andre retningsliner vedteke av representantskapet.
Styret
Leiar: Birte Rine Young
Nestleiar: Rune Heradstveit
Medlem: Bente Skjerping
Medlem: Jarle Nakken
Tilsettrepresentant: Inge Vikane
Sekretær: Rune Lothe
Varamedlem: Jenny Aanderaa
Varamedlem: Sigrid Laupsa
Varamedlem: Terje Geithus
Valnenmd
Leiar: Bjarte Stølås
Medlem: Trude Buene Birknes
Medlem: Alis Lund Johansen
Representantskapet
Representantskapet er det øvste organet i Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Kvar eigarkommune er representert ved ein representant som vert valgt av kommunestyre i kvar eigarkommune. Val til representantskapet føl vanlegvis kommunestyreperioden. Ved votering tel representantane sine røyster ulikt i forhold til kommunen sin eigarandel. Repesentatskapen vert leia av ein leiar.
Leiar: Svein Helge Hoflundsengen, Masfjorden kommune
Nestleiar: Anne June Iversen, Askøy kommune