Nye tilsette ved IKA Hordaland

I dag har fire av våre tilsette gått over i fast stilling. I tillegg har Lars Fivelstad Smaaberg takka ja til eit vikariat hjå oss fram til 31.01.2022.

Hans Sindre Lothe Rein

Hans Sindre har fagbrev som boredekksarbeidar, mastergrad i historie og nyleg gjennomført eit årrstudium i arkivvitskap ved OsloMet. Han har tidlegare arbeidde for fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Bergen byarkiv, og har det siste året vore mellombels tilsett hjå IKA Hordaland som arkivkonsulent. I den nye stillinga vil Hans Sindre være kontaktperson til Bjørnafjorden kommune og Øygarden kommune. Arbeidsoppgåvane inneber blant anna arkivfagleg rådgjeving til kommunane, sakshandsaming, prosjektarbeid, arkivanalysar og bistå kommunane med deponering av arkiv og arkivsystem. 

Jørn Harald Kambo Grov

Jørn Harald Kambo Grov er utdanna lærar og har med avbrot vore mellombels tilsett hjå oss i snart fire år. Han har i tillegg mange års erfaring med arkiv- og dokumentasjonsforvalting frå mellom anna fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge og Bergen byarkiv. Arbeidsoppgåvene hans vil vere ordning og registrering av arkiv, digitalisering og publisering, sakshandsaming av førespurnader frå kommunane og kontordrift.

Janny Sjåholm

Janny er tilsett hjå oss for å vere kommunekontakt for Alver og Ullensvang kommunar samt prosjektleiar for ordningsprosjektet knytt til Arkiv i kommunereform. Ho vil ha ansvaret for oppfølginga av desse to kommunane og for at samanslåingskommunane i tidlegare Hordaland fylke sine arkiv fram til ca. 1999 vert ordna. Janny har vore mellombels tilsett hjå oss i eit og eit halvt år mens ho fullførte mastergraden sin i politisk historie. For tida tek ho videreutdanning i dokumentasjonsforvaltning. Av tidlegare jobberfaring har ho vore tilsett hjå Hordaland fylkesarkiv, samt i museums- og kulturarvssektoren.

Thea Henriette Skjåk Nielsen

Thea er utdanna midtaustenhistorikar frå Universitetet i Bergen og byrja som mellombels tilsett hjå oss i mars 2019. Ho har tidlegare arbeidde ved Bergen byarkiv og Statsarkivet i Hamar. Thea vil fungere som administrasjonskonsulent hjå oss og vil ha ansvar for drift av vår dokumenthandtering. Ho skal og syte for utvikling og gjennomføring av opplæringsarbeid internt og eksternt, utføre sakshandsaming og ha ansvar for kommunikasjonsarbeide, nett og sosiale medier.

Lars Fivelstad Smaaberg

Lars Fivelstad Smaaberg er utdanna med mastargrad i midtaustenhistorie og har arbeida hjå oss sidan 2018. Han har tidlegare arbeidd for Bergen byarkiv, og på si driv han med oppdragsverksemd innan hardingfele, kveding og folkedans. I den nye jobben skal han bryne seg som kontaktledd mellom IKA Hordaland og 7 eigarkommunar. Desse er Masfjorden, Modalen, Vaksdal, Askøy Etne, Stord og Sveio kommunar. Blant arbeidsoppgåvene han skal utføre for kommunane våre er arkivfagleg rådgjeving, analysering og deponeringsplanlegging av papirarkiv og elektroniske arkiv, sakshandsaming og prosjektarbeid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *