Transkriberte husstandskort på Digitalarkivet

På Digitalarkivet finn du no transkriberte husstandskort frå dei tidlegare kommunane Meland, Manger og Fusa. Korta er datert 1. november 1917 og er frå arkiva etter dei kommunale provianteringsråda. Husstandskort deler mange likskapstrekk med kommunale folketeljingar og dei er difor kategorisert som folketeljingar på Digitarkivet.

Korta inneheld oppgåver over husstandane sine medlemar med opplysningar om namn, fødelsdato, stilling i heimen og yrke.  

Husstandskort for Manger og Meland vart publisert før jul 2019, medan Fusa vart lagt ut i januar/februar 2020. Arbeidet med å transkribere byrja kort tid etter koronautbrotet og var eit av tiltaka vi sette i verk for å leggje til rette for heimekontor for våre tilsette.

Husstandskort og folketeljingar er ei god kjelde for deg som ynskjer å finne opplysningar om eigen slekt. Etter kvart som folketeljingar blir digitalisert og transkribert er det enklare å spore sine eigne slektningar gjennom tidande.

Både i den statlege folketeljinga 1910 for Alversund herred og i husstandskorta for Meland frå 1917 finn vi Vilhelm Olsen født 15. juni 1888. I folketelljnga 1910 var han bosatt på Dale nedre, jobba som skomakarsvend og var gift med Anna Johnsdatter. Dei hadde ein son saman. Frå husstandskortet for Meland frå 1917 kan vi sjå at Vilhelm no var bosatt på Frækhaug. Her budde han saman med sin kone og tre barn og arbeidde som skomakar.

Fram til 1923 eksisterte det ikkje eit regelverk for personnamn i Noreg. I nokre tilfelle vart farsnamn brukt, andre gangar gardsnamn eller yrke. For dei som arbeidde på gard kunne etternamnet ofte endre seg etter kva for gard dei budde på. Dette kan by på utfordingar i slektsforskningsarbeidet, men i tilfellet med Vilhelm Olsen tyder både etternamn, fødselsdato og yrke på at dette er ein og same person.  

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *