Aktørskildring for kommunal sektor

I desember 2019 fekk IKA Hordaland tildelt arkivutviklingsmiddel frå Arkivverket til å gjennomføre eit prosjekt om å utarbeide standardiserte aktørskildringar for kommunal sektor. Prosjektet har tatt for seg 20 arkivskapare frå sentraladministrasjonen, helse- og sosialsektoren, kultursektoren, skulesektoren og teknisk sektor.

Skildringane er sann uavhengig av kommune og følgjer standardar som tidlegare er utarbeidde av Arkivverket og kommunale arkivinstitusjonar. Gjennom ei kartlegging av kommunale aktørar og beskriving av bakgrunn, funksjon og oppgåver legg prosjektet til rette for meir effektiv formidling og forskning. I arbeidet med skildringane la vi vekt på å skape faktaorienterte tekstar som var forståelege også for nye brukarar av kommunale arkiv. Tekstene si form og lenge er tilpassa bruk og publisering på ASTA og Arkivportalen. Skildringane er samla i to hefte – ein bokmålsversjon og ein nynorskversjon.

Prosjektet er no ferdig. Resultatet av arbeidet og prosjektrapporten finn du her:      

https://www.ikah.no/blogg/wp-content/uploads/sites/2/2020/08/Aktørskildring-for-kommunal-sektor.pdf

https://www.ikah.no/blogg/wp-https://www.ikah.no/blogg/wp-content/uploads/sites/2/2020/08/Aktørbeskrivelser-for-kommunal-sektor.pdf

https://www.ikah.no/blogg/wp-content/uploads/sites/2/2020/09/Prosjektrapport-Aktørbeskrivelser-for-kommunal-sektor.pdf

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *