Arkiv frå Vaksdal kommune

Skrive av Lars Fivelstaad Smaaberg

Vaksdal er ein av kommunane våre som i år skal ha tilsyn frå Arkivverket. I denne samanhengen har me sett i gang eit prosjekt for hausting og ordning av om lag 197 hyllemeter personregister og administrative arkiv frå kommunen. Det er i hovudsak materiale etter 1986 som har vorte henta inn no.

Vaksdal kommune vart skipa i 1964. Då vart Eksingedalen og Bergsdalen krinsar skild ut frå Modalen og Evanger kommunar, og slått saman med gamle Bruvik kommune. Saman forma dei nye Vaksdal kommune. Arkivmateriale etter desse kommunane er allereie henta inn til og ordna hjå oss, og katalogane er tilgjengelege på arkivportalen.no:

I tillegg til dette har Vaksdal kommune og IKA Hordaland ei avtale på å ordne om lag 127 hyllemeter frå perioden mellom 1965, som vart deponert til oss i 2016. Arbeidet med ordning av arkivmaterialet etter Vaksdal kommune er godt i gang, og katalogen oppdaterast fortløpande etter kvart som arkiva vert ferdigstilte. De kan sjå katalogen her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *