Arkivjournalen

IKA Hordaland vart oppretta i 1987 som ei samarbeidsordning mellom medlemskommunane og Statsarkivet i Bergen. Vi var da eigd av 20 kommunar i tidlegare Hordaland fylke. Hovudområda i vårt arbeid var arkivordning og arkivdanning. 

I dei fyrste åra etter opprettinga gav vi ut Arkivjournalen, vårt eiget meldingsblad. Her kunne eigarkommunane våre lese om vedtekter, kurs, nyhende og ulike prosjekt vi hadde. Ordning av eldre arkiv var blant våre fyrste hovudoppgåver, og mykje tid vart brukt til reiseverksemd ut i kommunane. Frå Arkivjournalen 1-1987 kan vi lese at Sund var den fyrste kommunen som fekk IKA Hordaland på besøk. Seinare utgåver informerte om blant anna innføring av K-koder, arkivplanlegging, kassasjon og arbeidet med personregistre.

Arkivjournalen vart gjeve ut 1-3 gonger i året. 

Vi har no digitalisert ulike utgåver av Arkivjournalen frå tidsrommet 1987-1994. Desse er tilgjengelege på issu.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *