Formannskapet i Vossestrand under okkupasjonstida

Skrive av Sverre Fekjan

Vossestrand kommune er ein av kommunane som forsvann med kommunesamanslåingane på 1960-talet. I samband med arkivdagen 2019 ga Interkommunalt arkiv i Hordaland ut ein artikkelserie om kommunereforma på 1960-talet der ein fjerdedel av kommunane i Noreg forsvann [1]. Saman med gamle Voss kommune og mesteparten av Evanger kommune, gjekk Vossestrand kommune inn i den nye Voss kommune frå 1964. 

Nasjonalromantisk bilete frå Vossestrand. J.C. Dahls maleri “Fra Stalheim” (Johan Christian Dahl / Public domain).

Medan Vossestrand enno var ein kommune kom krigen til Noreg, og okkupasjonstida følgde. Det var mykje som hende i Vossestrand under okkupasjonstida. Mellom anna blei Stalheim turisthotell tatt over av tyskarane i 1941, og frå februar 1943 vart hotellet nytta som barneheim i det nazistiske lebensborn-programmet. Her skulle born med norsk mor og tysk far sedast opp for seinare adopsjon til Tyskland. Det var på sett og vis ein arisk foredlingsanstalt. Arisk blod som krigserstatning for nazistane [2].

Det er ikkje mange spor i dei kommunale arkiva etter denne verksemda, men det som er klårt er at deiler av heradsstyret var særs vennleg innstilt til nazistane. Eit døme er tilhøvet med soknepresten. Då han la ned embete sitt vart han, som så mange andre prestar her i landet, sagd opp. Jamvel han var sagt opp budde han framleis i prestebustaden. Det vart då ei sak om kor mykje han skulle betale i leige og kor mange rom han og huslyden skulle få nytte. Ordføraren, som i denne tida syntest særs eigenrådig, vedtok at presten ikkje skulle nytte meir enn fyrste etasjen i huset som både hadde kjellar og to etasjar. Departementet hald med presten i denne saka, og gjorde det klårt for ordføraren at husleige ikkje skulle nyttast som straff mot prestar som hadde lagt ned embetet. Ordføraren hadde vore strengare enn NS sentralt.

Stempel for Vossestrand formannskap

Eit anna døme på lokale folk som var ivrige i tenesta, er ein lærar som søkte støtte til å skrive lærebok i heimbygdsoga [3]. I lærarens stad sendte ordføraren søknad til propaganda-avdelinga i Kultur- og Folkeopplysnings-departementet. Lærarskolerådet som behandla saka var einige i tanken bak, men det vart avslag grunna økonomi og rammene i undervisningsplanen.

Men dei gjorde meir enn å godsnakke med tyskarane i Vossestrand. Dei tok sosialt ansvar og.

Evakueringa til Vossestrand

I hovudparten av kommunearkiva er krigen og okkupasjonen eit bakteppe, som berre er der. Det vart ikkje skrive om i klårtekst. Evakuering er jamvel noko formannskapet og ordføraren måtte handsame fleire gonger.

Møtebok for Vossestrand heradstyre 18/12 1936 til 11/12 1940.

På eit av dei første møta i formannskapet etter krigen braut ut i Noreg kom også den saken i heile okkupasjonstida der krigen vert mest konkret handsama:

“År 1940 den 24 april held formannskapet møte på Vinje. Alle formenn var tilstade. […] 

På grunn av krigen er det kome mange evakuerte til Vossestrand frå dei hersette stroki, utan å ha fått med seg det turvande til å livberga seg med. Det vart det samrøystes vedteke å gjeva trygd av heradet på inntil kr 1000.- til kjøp av matvaror. Trygdi vert gjevi til einskildpersonar og huslydar som fører lige hushold. Heradet trygder ikkje for upphald på hotel, pensjonat og liknande.

Einskildpersonar kann få tilvising på upptil kr 20.- pr månad, huslyd på 2 personar kr 30.- og huslydar over 2 personar kr 10,- pr månad for kvar.

Tilvising på kjøp med heradstrygd vert å levera ut av forretningsføraren for forsyningsnemdi.” [4]

I formannskapsmøtet 24. april 1940 vart saka om evakuerte til Vossestrand handsama

Mange vart evakuert til Vossestrand frå stadet som var okkupert av den tyske hæren. Folk hadde ikkje fått med seg det dei trong, og formannskapet ga dei trygd kvar månad til mat. Dette var einaste saken som vart handsama denne dagen, så det tyder på eit ekstraordinært møte. Formannskapet som var vald før krigen tok dei grep som var naudsynt i krisa. 

Tidleg året 1943 vart det igjen aktuelt med evakuering til Vossestrand. Denne gongen var det meir planlagt. Dette er ikkje henta få møteboka, men frå brev samla i saksarkivet til formannskapet [5].

I eit brev frå februar 1943 la utflyttingssjefen fram forslag om lokaler i Vossestrand som kunne nyttast til evakuering av dei gamle frå Bergen. Utflyttingssjefen foreslo Framnes kursted, Ungdomsherberget og Vinje gjestgiveri som høvelege stader for innkvartering, og søkte nærare opplysningar om desse lokala. [6] 

I eit meir uformelt brev frå 1944 [7] er det gjort nærare greie for tilhøva for dei gamle i Bergen. Brevet gjeld husrom til ein familie frå Bergen:

«Nevnte familie består av mann hustru, en syk datter, (ikke farlig sykdom) og datterdatteren som steller for de gamle. Det er meget stille og rolige mennesker og de har ord for å være hjertensgode og hjelpsomme der de har kunnet hjelpe. Mannen er no 78 år gammel og lider av et hjerteonde slik at han ikke tåler de påkjenning krigen no fører med seg, med bombing så å si utenfor stuedøren. Hustruen er noen år yngre og er ganske frisk og kjekk. Datteren er i 50 års alderen og ugift hun har tidligere stelt huset for de gamle, men stellet er no for det meste lagt på datterdatteren som er i 20 års alderen.

Som nevnt i telefonen eier de en villa som de selv bor i og en fabrikk med tilhørende 3 store boliger på Årstad. Det er sønnen som no driver fabrikken og bebor en leilighet i fabrikkens huser. Dersom no de gamle kunne få komme på landet, var det meningen at sønnen skulle flytte inn i deres villa og at sønnens leilighet igjen stilles til disposisjon for en familie som grunnet sitt arbeid må være i Bergen, men som således kan komme utenfor det egentlige fareområdet.» [8]  

Saksarkivet fortel vidare om førebuing av evakuering av Bergen/Laksevåg vinteren 1944/45. Nokon hadde kome frå Bergen allereie, og måtte gjerast reide for. Dei evakuerte hadde reist frå levebrødet sitt, og var utan inntekt. I brevveksling og rundskriv kan ein fylgje oppbygginga av eit nytt statleg trygdesystem for å ta hand om de evakuerte, og korleis det kom i bruk lokalt.

Det var avgrense kva formannskapet hadde med krigen å gjera. Dei vedtok budsjett og hald hjula i gong, men nokon glimt av okkupasjonstidas kvardag finn ein.

Litteratur og kjelder

[1] Nielsen, Thea Henriette Skjåk (2019) “Forord” i Kommunane som forsvann – Kommunereforma på 1960-talet. Arkivdagen 2019, Interkommunalt arkiv i Hordaland, Bergen. Hentet 30. mars 2020 fra https://issuu.com/ikahordaland/docs/kommunane_som_forsvann_-_kommunereforma_p__1960-ta 

[2] Olsen, Kåre (1998) Krigens barn, Aschehoug, Oslo. Hentet 30. mars 2020 fra https://www.nb.no/items/884db375f04f3b72e0574afa65315a4e. Både lebensbornprogrammet og tilhøva ved Stalheim Hotell er skildra  

[3] 1236-021 – Vossestrand kommune. Formannskapet /Ea – Emneordna korrespondanse, eske 3.

[4] 1236-021 – Vossestrand kommune. Formannskapet / Møtebøker, bok 7, fol. 177.

[5] 1236-021 – Vossestrand kommune. Formannskapet / Emneordna korrespondanse, eske 1, mappe «Evakuering til Vossestrand».

[6] 1236-021 – Vossestrand kommune. Formannskapet / Emneordna korrespondanse, eske 1, mappa «Evakuering til Vossestrand». Tittelen på brevet: «Midlertidig anbringelse av gamle fra gamlehjem i Bergen» datering februar 1943.

[7] Brevet er utan dato, men med stempel og påskrift: «V.J. nr. 406/44». Det siste talet «44» som er teikna på, tyder at brevet er journalført som nr. 406 i 1944.

[8] 1236-021 – Vossestrand kommune. Formannskapet /Ea – Emneordna korrespondanse, eske 1

Thorsnæs, Geir. (2020, 27. mars). Vossestrand – tidligere kommune. I Store norske leksikon. Hentet 30. mars 2020 fra http://snl.no/Vossestrand_-_tidligere_kommune