Praksis i arbeidslivet

Skrive av Lars Fivelstad Smaaberg og Theresa Rosell-Helland

Våren 2020 har IKA Hordaland teke imot to nye praksisstudentar frå Universitetet i Bergen (UiB), Erik Patrick og Herman. Dei tek studieemnet AHKR201 «Praksis i arbeidslivet», eit emne som skal gje studentar arbeidserfaring gjennom deltaking i arbeidsoppgåver knytt til praksisplassen sin faglege kompetanse. Emnet gjev 15 studiepoeng og er knytt til Institutt for arkeologi, historie, kultur – og religionsvitenskap.

Erik Patrick har ei mastergrad i historie frå UiB og Herman held på med sin bachelorgrad i same emne. Gjennom vårsemesteret skal dei vere hjå oss to gonger i veka, og halde på med ulike arbeidsoppgåver.

I år er det lagt opp til eit variert praksisopplegg der studentane vil få eit innblikk i mangfaldet av arbeidsoppgåver hjå IKA Hordaland. Studentane skal mellom anna ordne 25 ulike privatarkiv frå gamle Fjell kommune. Dei har allereie vore på kommunehuset på Rong og hausta desse, og dei er no godt i gang med ordningsarbeidet. I samarbeid med Universitetsbiblioteket ved UiB skal dei lære seg å handtere meir avansert skanneutstyr og digitalisere arkivmateriale frå før 1920-talet. Studentane vil også gjere seg kjend med oppgåver og terminologi knyta til depotfunksjon, læra seg programvara Asta, og vera med på synfaring i ein kommune. Studentane vil også delta i løypande oppgåver ved IKA Hordaland der det er relevant læringsutbytte.

Erik Patric & Herman i full sving i depot!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *