Prosjekt. Digitalt depot.

I dei siste åra har det vore stort fokus på faren for tap av viktig dokumentasjon i kommunane, særleg dei digitale arkiva ser ein er særleg utsett. Seinast i dag tok Kommunal rapport til ordet på leiarplass om bekymringa for dokumentasjonstap i kommunane. Dei stillar vidare eit viktig spørsmål om korleis innbyggjarane kan ha tillit til forvaltninga når mellom anna tilsyna Arkivverket har gjennomført viser at arkiva har store manglar og at arbeidet kring dokumentasjonsforvaltninga i kommunen ikkje vert prioritert.

For å hjelpe våre eigarkommunar med å forenkle prosessen med avlevering av digitale arkiv for langtidsbevaring har vi difor satt i gang prosjektet «Digitalt depot». Vi har oppretta ei  intern prosjektgruppe beståande av Eirik, Øyvind og Anita. Målet er å legge til rette for at våre eigarkommunar enkelt skal kunne avlevere digitalt arkivmaterialet for langtidsbevaring til oss og vidare korleis dette skal dokumenterast til dømes i kommunane sine arkivplanar.

Prosjektet skal utarbeide ei skildring av kva for teneste IKA Hordaland skal tilby kommunane, ei produksjonsløype og vi skal teste utrekk på eit fagsystem og eit NOARK-system. Vi ønskjer vidare å nytte prosjektet sitt resultatet til å hjelpe kommunane i å planlegge av framtidige utrekk av digitale arkiver, og få ein standardisert måte å gjere dette på.

I 2019 vart IKA Hordaland medlemmer av KDRS (Kommunearkivinstitusjonenes Digitale Ressurssenter), som «tilbyr tjenester og kompetanse til sine medlemmer og aktivt bidrar til å utvikle og effektivisere langtidsbevaring av digitale arkiv innenfor kommunal og fylkeskommunal sektor» (ref. kdrs.no). I prosjektet vil vi i stor grad basere oss på det arbeidet KDRS allereie har utført, som til dømes deira produksjonslinje og malarbeid. I dag har vi hatt besøk av dagleg leiar i KDRS Tor Eivind Johansen, som ga oss ei nyttig innføring i erfaringar dei (og andre IKAer) har gjort seg i prosessen.

 Prosjektgruppa er no godt i gang med arbeidet som skal vere ferdig 1.mars.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *